NÅR FOTBALL ER NOKO MEIR

Publisert 31.07.2023 av Stig Roger Eide

Del via

Førde sine 13-14-åringar fekk ei oppleving for livet under dagens kamp på Ekebergsletta. I oppgjeret mot Rawahel frå Palestina fekk alle spelarane overrekt kvart sitt skjerf frå motstandarlaget, og det vart teke bilde kor alle spelarane var samla. -Dette var utruleg flott og viser at fotball er noko anna enn berre kamp om ballen, kunne…

Foto:

Førde sine 13-14-åringar fekk ei oppleving for livet under dagens kamp på Ekebergsletta. I oppgjeret mot Rawahel frå Palestina fekk alle spelarane overrekt kvart sitt skjerf frå motstandarlaget, og det vart teke bilde kor alle spelarane var samla.

-Dette var utruleg flott og viser at fotball er noko anna enn berre kamp om ballen, kunne trenarane og lagleiarane for Førde-laget fastslå etter at fotoseansen var over. Samstundes med at alle Førde-spelarane fekk kvart sitt skjerf i gåve, overrekte Førde-kapteinen ein Førde-vimpel til det palestinske laget.

Ute på bana fekk det unge Førde-laget ein fantastisk leksjon i effektivt angrepsspel av eit teknisk godt motstandarlag, og Rawahel vann til slutt heile 13-0 over Førde sitt sjuarlag for 13-åringar.

Uansett har både spelarar, trenarar og lagleiarar fått eit minne for livet etter vennskapskampen mellom Førde og Rawahel frå Palestina.

Trenarar for dette Førde-laget er Roger Aase og Øyvind Oppedal.

Tekst: Stig Roger Eide. Foto: Børge Daviknes Klakegg

Relatert