NY SCORINGSORGIE AV DESSE

Publisert 15.07.2023 av Stig Roger Eide

Del via

-Dette var ein topp kamp av oss. Spelarane responderte svært godt, og no kan vi ta nokre veker velfortent ferie, smiler Førde-trenar Knut Erik Folland etter utklassinga av Raufoss 2. -I dag fekk endeleg Vegard utteljing på sjansane sine, og hadde skikkeleg ketchup-effekt på slutten av 1. omgang, smiler Førde-trenaren og siktar til midtspissen sitt…

-Dette var ein topp kamp av oss. Spelarane responderte svært godt, og no kan vi ta nokre veker velfortent ferie, smiler Førde-trenar Knut Erik Folland etter utklassinga av Raufoss 2.

-I dag fekk endeleg Vegard utteljing på sjansane sine, og hadde skikkeleg ketchup-effekt på slutten av 1. omgang, smiler Førde-trenaren og siktar til midtspissen sitt raske hattrick. For i løpet av sju minutt scora Savland tre mål, og langt på veg knuste ammunisjonslaget sine forhåpningar om å komme tilbake i kampen.

God på midten

-Slutten av 1. omgang var svært god frå vår side. Elles er eg veldig godt nøgd med heile laget sin innsats. Det er alltid vanskeleg å motivere til siste kamp før ferien, men i dag var det verkeleg topp over heile linja, seier Folland etter 0-6-siger og kan likevel ikkje unngå å trekkje fram midtbanespelaren Magne Aarøen.

-Han spring og spring i 90 minutt, og eg trur jammen han spring etter bussen heim igjen også, ler Folland og verdsett midtbanespelaren sin enorme innsats.

-Han er trass alt berre 18 år, og har hatt ein formidabel vårsesong. Han er kanskje den spelaren som har imponert meg mest, seier Folland og såg også at toppscoaren Sander Aamelfot avslutta si karriere i Førde med to scoringar.

Ferie

-I dag er det så mykje bra at det er vanskeleg å trekkje fram einskilde spelarar. Vi jobbar for kvarandre, og eg er imponert over viljen spelarane viser i heile kampen. Sjølv om vi leiar komfortabelt og kan eigentleg ta det med ro. Men likevel jagar vi på heile tida, og det vitnar om god moral, seier Folland.

No skal Førde ha spelefri fram til bortekampen mot HamKam 2 i midten av august. Noko som skuldast at den første haustkampen, mot Florø, vart framskunda og spelt 16. mai.

-Vi kjem til å gjennomføre dei tre planlagde ferievekene som var bestemt. Spelarane har fått eit treningsopplegg, og i samband med oppkøyringa til hausten, skal vi ha ein treningskamp. Mest sannsynleg mot Stryn, seier Folland og vedgår at stemninga i bussen på returen er svært god.

 Med denne sigeren klatra Førde opp på 5. plass på tabellen.

Tekst og foto (arkiv): Stig Roger Eide

KAMPFAKTA

RAUFOSS II-FØRDE 0-6 (0-4)

Norsk Tipping-ligaen

Nammo stadion

Mål:

0-1 28 min Sander Aamelfot

0-2 37 min Vegard Savland

0-3 42 min Vegard Savland

0-4 43 min Vegard Savland

0-574 min sjølvmål

0-6 89 min Sander Aamelfot

Førde: Fredrik Hanssen (Kristian Johansen i 80.min), Eirik Flatjord (Elias Grimeland i 65. min), Ole Petter Hjelle Larsen (Kristian Lilleaasen i 68. min), Øystein Østvik, Andreas Hvidsten, Elias Rognebakke, Magne Aarøen, Jacob Bergset (Elias Vindheim i 80. min), Sander Aamelfot, Vegard Savland, Nicolas Gudvangen Trollebø (Lasse Aamelfot i 68. min)

Relatert