-EG TRUDDE HJARTET MITT STOPPA

Publisert 02.06.2023 av Stig Roger Eide

Del via

Berre timar før Kaja Johannesen Skrede og Kristina Hjelmeland Berqvam skulle spele damekamp for Førde, fekk dei mail om at begge var uttekne til landslagsamling for J15-landslaget. -Eg trudde hjartet mitt stoppa i minst ti sekund. Eg Facetima til pappa, og eg trur også at han var litt rørt. Det såg iallfall slik ut, ler…

Foto:

Berre timar før Kaja Johannesen Skrede og Kristina Hjelmeland Berqvam skulle spele damekamp for Førde, fekk dei mail om at begge var uttekne til landslagsamling for J15-landslaget.

-Eg trudde hjartet mitt stoppa i minst ti sekund. Eg Facetima til pappa, og eg trur også at han var litt rørt. Det såg iallfall slik ut, ler Kaja Johannessen Skrede då Førde-patrioten tek ein prat etter at landslagsuttaket kom seint fredag ettermiddag.

Til Porsgrunn

Faktum er at Førde il Fotball har fått med to spelarar til landslagsamlinga i Porsgrunn i perioden 19. til 23. juni. Og bortsett frå Førde er det berre ein spelar til frå Vestland, nemleg ei jente frå Stord.

-Dette var utruleg kjekt og overraskande. Vi leverte begge to sikkert nokre gode kampar under samlinga vi hadde med regionlaget i Trondheim for litt over ein månad sidan. Det er sikkert det som var utslagsgjevande, seier Kristina Hjelmeland Berqvam og såg at tvillingsøstra Inga ikkje kom med denne gongen.

-Det hadde jo vore enda kjekkare viss vi hadde fått plass alle tre. Men Inga var jo på denne samlinga i fjor som 14-åring, så ho veit kva som skjer. Og eg trur ikkje det er så mykje som skil oss, seier Kristina og trøystar på den måten tvillingssøstra.

Gratulasjonar

-No må vi berre vise at vi har gjort oss fortent til dette. Allereie i kveld må vi få dette ut av tankane når vi skal møte Sogndal på Fosshaugane Campus, seier Kaja og ser at den eine etter den andre av lagvenninnene kjem bort for å gratulere med uttaket.

Noko damelaget sin trenar Johan Pettersen også set stor pris på.

-Dette er fantastisk, både for jentene sjølv, for laget og for klubben. Det viser at det lønar seg å jobbe i form av mengder med treningar i Hafstadparken og på PULS. Dette er utruleg motiverande for oss alle, og viser at det er ikkje langt opp til landslaget for mange av desse spelarane, seier Johan Pettersen og ser dei to «ferske» landslagsspelarane smile frå øyre til øyre.

-Dette var ei skikkeleg gladmelding, og det er ikkje noko problem om at dette går til hovudet på desse to akkurat no. Men når kampen mot Sogndal begynner i kveld klokka 19.00, så er dei garantert på hugget slik dei brukar å vere, seier hovudtrenaren.

Førde il Fotball gratulerer med landslagsuttaket til Kaja og Kristina!!

Tekst og foto: Stig Roger Eide

Relatert