-KORLEIS ER DETTE MOGLEG?

Publisert 02.08.2023 av Stig Roger Eide

Del via

Det er mange som stiller spørsmål om korleis det er mogleg at det kan vere så mange sunnfjordingar i Oslo, for tida. Her er noko av forklaringa. Førde il Fotball byggjer klubbkjensle og samhald under Norway Cup. Dei fleste spelarane bur på det same hotellet på Fornebu, og totalt nyttar klubben 230 rom. Intensjonsavtale -Vi…

Det er mange som stiller spørsmål om korleis det er mogleg at det kan vere så mange sunnfjordingar i Oslo, for tida. Her er noko av forklaringa.

Førde il Fotball byggjer klubbkjensle og samhald under Norway Cup. Dei fleste spelarane bur på det same hotellet på Fornebu, og totalt nyttar klubben 230 rom.

Intensjonsavtale

-Vi inngjekk ein femårsavtale med hotellet i 2020. Dei to første åra øydela pandemien Norway Cup, så dette er andre året vi samla dei fleste på dette hotellet. Og det er bevisst for at vi skal byggje samhald og klubbkjensle på tvers av både spelar- og foreldregrupper. Vi innførte slagordet “Ein del av noko større” sist vinter, og dette er heilt klart ein del av det, seier Geir Vindheim som er breiddeansvarleg i Førde il Fotball.

-Så langt er det berre positive tilbakemeldingar på opphaldet, og det er tydeleg at det er stor trivsel. Noko ikkje minst kjem fram gjennom desse fellesbilda som er teke seint på tysdagskvelden før sluttspelet startar, seier Geir Vindheim.

Bli eller heim

Onsdag er nemleg den første “vinn eller forsvinn-dagen” i årets Norway Cup, og nokre lag står sjølvsagt i fare for å bli slått ut av cupen. Anten i A- eller B-sluttspelet. Totalt har klubben hatt formidabel suksess med heile 9 av 11 lag vidare til A-sluttspelet i verdas største fotballturnering.

Tekst: Stig Roger Eide/Foto: Tone Lin Støfring Skovro

Relatert