-DETTE ER NOKO AV DET BESTE

Publisert 23.10.2022 av Stig Roger Eide

Del via

Herrelaget til Førde avslutta med 0-3-siger på bortebane, og andreplass i årets 3. divisjon. – Dette er noko av det beste eg har opplevd, seier trenar Terje Rognsø. Hødd 2 hadde lite å stille opp med mot Førde på Nye Høddvoll søndag ettermiddag. Førde vann til slutt heile 0-3 og sikra seg sin fjerde strake…

Foto:

Herrelaget til Førde avslutta med 0-3-siger på bortebane, og andreplass i årets 3. divisjon. – Dette er noko av det beste eg har opplevd, seier trenar Terje Rognsø.

Hødd 2 hadde lite å stille opp med mot Førde på Nye Høddvoll søndag ettermiddag. Førde vann til slutt heile 0-3 og sikra seg sin fjerde strake siger. Dermed klatra mannskapet til 2. plass på tabellen, berre slått av opprykkslaget Aalesund 2.

Mange spelarar

– Med dei utfordringane vi har hatt denne sesongen, så er dette meir enn godkjent. Faktisk er dette noko av det beste eg har opplevd som trenar. Hadde nokon føre sesongen sagt at vi skulle ende opp med eit snitt på meir enn to poeng med alle dei skadene vi har hatt, så ville eg tru at dei var galne. Så dette er kort og godt fantastisk. Ikkje minst har vi lært mykje taktisk, seier Rognsø som har brukt heile 36 eller 37 spelarar gjennom heile sesongen.

-Det er sjølvsagt kjekt at så mange har fått prøve seg, men fortel samstundes noko om utfordringane vi hatt med tanke på skader. Vi ser at offensivt har vi klart oss godt med å bli det laget som har scora nest mest mål. Men defensivt har vi eit klart forbetringspotensiale. Vi bør ned på eit snitt godt under eit baklengsmål per kamp. Der har heile laget forbetringspotensiale med tanke på neste år. For vi angrip som eit lag, og vi forsvarar –oss som eit lag, understrekar Rognsø etter 0–3-sigeren og punktum for årets sesong.

Startar no

-Spelarane får no nokre veker fri, men vi kjem sakte, men sikkert til å be dei om å halde seg i gang. På trenarsida har vi allereie starta førebuingar til neste sesong, og vi kjem til å ha masse møteverksemd i tida som kjem. No har leiinga i klubben sett kva vi har prestert i år, og så må vi stake ut ein kurs med tanke på neste år. Vi har utfordringar på fleire område, og må få evaluert årets sesong saman før vi er klare med neste års ambisjonar. Det er med andre ord ei spennande tid vi går inn i, seier Rognsø og vil helst ikkje spekulere i spelarlogistikken på noverande tidspunkt.

-Nei, dette er ein prosess vi startar på no, men vi veit at både Andreas Årseth og Elias Vindheim skal i militæret i januar månad. Så får vi ta ein gjennomgang med dei andre i tida som kjem, seier Rognsø etter at den 26.kampen i årets sesong er avslutta. På bildet er han saman med Ntege Kone.

Tekst og foto: Stig Roger Eide

Kampfakta

3.divisjon, avdeling 2

Hødd II-Førde 0-3

Nye Høddvoll

Mål:

0-1 17 min Kristian Hauståker

0-2 44 min Vegard Savland

0-3 88 min Ntege Kone

Raudt kort: Vegard Savland, Førde

Førde: Fredrik Hanssen, Eirik Flatjord (Elias Grimeland i 90. min), Henrik Lilleaasen, Elias Rognebakke, Andreas Årseth, Jacob Bergset (Andreas Hvidsten i 90.min), Matias Sagevik, Magne Aarøen (Mathias Helgheim i 90.min), Ntege Kone (Jonas Frøiland Nistad i 90.min), Kristian Hauståker (Simen Indrebø i 66.min),Vegard Savland.

Relatert