Førde 3 avslutta vårsesongen med tap

Publisert 28.06.2023 av Geir Vindheim

Del via

– Kaupanger vart for sterke Førde 3 har imponert i vårsesongen, og før siste kamp måndag 26 juni stod dei med 5 seire 1 uavgjort og 1 tap. I siste kamp før sommarferien var det tur til Kaupanger, og med målsetning om tre nye poeng. Det blei ein tett og jamn kamp som stod 0-0…

– Kaupanger vart for sterke

Førde 3 har imponert i vårsesongen, og før siste kamp måndag 26 juni stod dei med 5 seire 1 uavgjort og 1 tap. I siste kamp før sommarferien var det tur til Kaupanger, og med målsetning om tre nye poeng. Det blei ein tett og jamn kamp som stod 0-0 til pause, og håpet om tre poeng var der enda. Dessverre vart ikkje andre omgang slik trenar Benny har vore vandt med. Det vart for upresist, og etter kvart utnytta Kaupanger dette. Førdekeeperen måtte til slutt hente ut tre baller, og dermed sluttresultat 3-0 til Kaupanger. Førde 3 tar no ferie på andre plass bak Årdal 2.

– Stolt over vårsesongen

Benny kan uansett konstantere at vårsesongen er godkjent +. Her er mange spelare som melder seg på, og viser at dei fortener sjanser oppover også. Både Førde 2 og 3 viser at det er mange spennande spelare i klubben, så det blir spennande å sjå utviklinga vidare.

– Norway Cup neste

For mange av spelarane blir det litt sommarferie, men i år har dei også fått mulighet til å delta med G19 lag på Norway Cup. Vi ser fram til å følge med både på Norway Cup og ikkje minst resten av sesongen 2023.

Relatert