Førde G16 klar for 1/8 finale i Adidas Cup

Publisert 25.06.2023 av Geir Vindheim

Del via

Førde sitt G16 lag slo søndag Gneist 3-1 i 1/16 finalen i Adidas Cup. Kampen vart spelt i steikande sol i Hafstadparken, og var lenge tett og spennande. Førde var klare favoritter før kampen, men ingen kamp er vunne på forhånd. Spelemessig dominerte Førde frå start, men det var Gneist som tok leiinga 1-0 etter…

Foto:

Førde sitt G16 lag slo søndag Gneist 3-1 i 1/16 finalen i Adidas Cup. Kampen vart spelt i steikande sol i Hafstadparken, og var lenge tett og spennande.

Førde var klare favoritter før kampen, men ingen kamp er vunne på forhånd. Spelemessig dominerte Førde frå start, men det var Gneist som tok leiinga 1-0 etter at dei utnytt rot i Førde forsvaret. Førde jager utlikning resten av omgongen, og fekk fortent utlikning når Sander Lekva set inn ei straffe som Elias Grimeland skaffa. Gneist skapte problem for Førde med å ligg lågt, men til slutt fekk Førde 2-1 ved Daniel Gjelsvik etter flott kombinasjonsspel med Elias Grimeland.

Elias Grimeland satt inn 3-1 på eit fantastisk frispark frå ca 20 meter rett i krysset. Trenar Ørjan Vikum konstanterer at Førde vinn fortent, men Gneist gjordet det vanskeleg for oss med godt forsvarspel.

I 1/8 finale møter G16 enten Bækkelaget eller Randesund. Her blir det å reise sjølv om ein blir satt opp med heimekamp. Laga vil nok møtast på midten ein plass. Kampen skal avviklast innan 10 sept.

Relatert