VAR DET DU SOM HADDE FLAKS?

Publisert 02.05.2023 av Stig Roger Eide

Del via

Damelaget har i 2023-sesongen starta opp ein eigen scoringsklubb, og har fått veldig god respons frå dei som er interessert i damefotball. Under oppgjeret mot Sogndal FK Damer 2 på søndag vart det trekt ut ti vinnarar blant dei som hadde kjøpt andelar i scoringsklubben. -Vi er svært godt nøgde med responsen på scoringsklubben for…

Foto:

Damelaget har i 2023-sesongen starta opp ein eigen scoringsklubb, og har fått veldig god respons frå dei som er interessert i damefotball. Under oppgjeret mot Sogndal FK Damer 2 på søndag vart det trekt ut ti vinnarar blant dei som hadde kjøpt andelar i scoringsklubben.

-Vi er svært godt nøgde med responsen på scoringsklubben for denne våren. Vi har totalt seld 300 andelar, og det må vi seie er kort og godt fantastisk. Det viser at det er mange som støttar oss, seier lagleiar Atle Skrede medan han ropar opp vinnarane i pausen på oppgjeret.

Ti vinnarar

-No er det ti personar som får gåvekort på 250 kroner hos vår trufaste sponsor, Chatlet Sport1. Dessutan vil det vanke flaxlodd til den som har tippa riktig tal mål på damelaget gjennom vårsesongen. Og pengane vi får inn på scoringsklubben skal bli brukt til å utvikle damefotballen vidare. Mellom anna har det vore diskutert ei treningsamling etter sesongen, fortel Skrede.

I og med at inndelinga i avdeling til hausten er usikker, så vert denne scoringsklubben avslutta etter vårsesongen.

-Vi kjem sikkert til å gå i gang med tilsvarande til hausten, seier Skrede.

Vinnarane

Men det var dette med vinnarane da.

Følgjande namn vart ropt opp som vinnarar:

Tone Bakke

Lillian Vassbotten

Lina Holsen

Anette Olin Aamot

Solveig Strømmen

Inger Eimhjellen

Siv Flatjord

Otto Kvalen

Åse Johnsen

Stig Roger Eide (ja, du leste riktig. Eg vann eit gåvekort og kjende ikkje til trekninga før namnet mitt vart ropt opp. Viss du lurte altså! )

Tekst og foto: Stig Roger Eide

Relatert