STOPPA IKKJE FØR DET VAR 6-0

Publisert 18.02.2023 av Stig Roger Eide

Del via

Førde utklassa Florø heile 6-0 i Hafstadparken laurdag ettermiddag. –Og det var ikkje eitt mål for lite, seier Førde-trenar Terje Rognsø. Eit nykomponert Florø hadde lite å stille opp med då Førde stilte med tilnærma toppa mannskap i Hafstadparken laurdag. Tre mål i kvar omgang fortel det meste om Førde sin dominans, og det er…

Foto:

Førde utklassa Florø heile 6-0 i Hafstadparken laurdag ettermiddag. –Og det var ikkje eitt mål for lite, seier Førde-trenar Terje Rognsø.

Eit nykomponert Florø hadde lite å stille opp med då Førde stilte med tilnærma toppa mannskap i Hafstadparken laurdag. Tre mål i kvar omgang fortel det meste om Førde sin dominans, og det er tydeleg at Terje Rognsø har komme lenger i sine sesongførebuingar enn Florø-kollega Dan Jøran Hafsås.

-Men vi må hugse at Florø har eit heilt nytt mannskap, og treng noko meir tid. Og får dei inn dei forsterkingane dei er ute etter, så vil dei garantert bite betre frå seg når sesongen startar, seier Rognsø etter kampen og er raskt ute med å rose spelarane sine med årets første siger.

Mykje bra

-Ja, dette var i periodar svært bra. Spesielt er vi dyktige og gode i gjenvinningsspelet vårt. Dette er noko vi har jobba ekstra med på treningane i det siste, og det viser seg at det sit langt betre no enn mot Fjøra. Noko som sikkert skuldast både motstanden i dag og ikkje minst underlaget, seier Rognsø etter oppgjeret på ei våt og rask kunstgrasbane.

-No går vi inn i ein treningsperiode fram til kampen mot Sogndal om 10 dagar. Den er i utgangspunktet oppført inne i Sognahallen, men vi håpar sjølvsagt at den blir spelt ute. Men på denne årstida er det umogleg å vite, seier Rognsø og såg snøbygene ri forbi Hafstadparken i perioder. Faktisk var snøbygene så lokale at treningskampen mellom Dale og Bremanger som skulle bli spelt på Naustdal stadion, berre 12 kilometer unna, måtte bli flytta til bane 2 i Hafstadparken.

Kjem meir

-Vi skal vere glade for at vi fekk gjennomført denne økta. Og spelarane skal ha ros. Her var det mykje bra. Einaste vi slit litt med i dag er å komme gjennom når vi spelar i etablert angrep. Men så er jo dette kanskje noko av det vanskelegaste i fotball også, smiler Rognsø etter 6-0 i treningskampen mot Florø.

Førde 2 skulle også ha spelt treningskamp i dag, men denne vart avlyst då Studentspretten ikkje kunne stille lag.

Vi kjem tilbake med bildeserie og fakta frå årets første kamp på heimebane litt seinare.

På bilde ser vi Sander Aamelfot sette inn årets første mål på heimebane.

Tekst og foto: Stig Roger Eide

Relatert