Ny siger til Førde i Norsk Tipping Ligaen

Publisert 25.06.2023 av Geir Vindheim

Del via

Førde sikra sin tredje strake siger med å slå HamKam 2. Det var opp i mot 30 grader på Førde Stadion, så det vart ein påkjenning for alle spelarane. Førde gjekk hardt ut frå start og allereie etter 15 min leia Førde 2-0 etter mål av Trollebø og Aamelfot. Kampen vart vidare ein stillingskrig i…

Foto:

Førde sikra sin tredje strake siger med å slå HamKam 2. Det var opp i mot 30 grader på Førde Stadion, så det vart ein påkjenning for alle spelarane. Førde gjekk hardt ut frå start og allereie etter 15 min leia Førde 2-0 etter mål av Trollebø og Aamelfot. Kampen vart vidare ein stillingskrig i varmen, og først når Sander Aamelfot satte inn 3-1 i det 77 min kunne Førde kontrollere kampen inn.

Knut Erik Folland vikarierte for Terje Rognsø og kunne etter kampen konstantere at laget utførte oppgåvene til bestått +. Disiplinerte i forsvarsjobben, og prøve å spele ball i den trykkande varmen. Dette var ein solid laginnsats – og ikkje minst viktig at vi klare å fortsette med å plukke poeng. No er det vanskeleg bortekamp mot Hønefoss i neste runde, og deretter Molde 2 og Raufoss 2 før det er ferie.

Sander Aamelfot blei av lokal jury kåra til dagens Førde spelar.

Relatert