SAMLA 150 UNGDOMMAR

Publisert 31.01.2023 av Stig Roger Eide

Del via

Måndag kveld var 150 unge fotballspelarar i alderen 13 til 16 år samla på Scandic Sunnfjord Hotell. – Målet er å komme ut med nødvendig informasjon, seier Geir Vindheim. Breiddeansvarleg Geir Vindheim i Førde il Fotball har teke initiativ til å gå nye vegar for å informere spelarar, leiarar, trenarar og foreldre i ungdomsgruppa. -Første…

Foto:

Måndag kveld var 150 unge fotballspelarar i alderen 13 til 16 år samla på Scandic Sunnfjord Hotell. – Målet er å komme ut med nødvendig informasjon, seier Geir Vindheim.

Breiddeansvarleg Geir Vindheim i Førde il Fotball har teke initiativ til å gå nye vegar for å informere spelarar, leiarar, trenarar og foreldre i ungdomsgruppa.

-Første kveld var ein suksess, og vi er svært godt nøgde med frammøtet. Ikkje dårleg å samle om lag 150 unge gutespelarar mellom 13 og 16 år på ein slik kveld, seier Vindheim og kan fortelje at det på onsdag kveld er klart for jentene i den same aldersgruppa.

-Det er noko mindre kull, men vi håpar på rundt 100 jentespelarar i aldersgruppa 13 til 16 år, seier Vindheim etter at kvelden med gjennomgang av forskjellige aktuelle tema var gjennomført.

Tema om kvelden

– Vi har informert om praktiske ting som opptek spelarane i ungdomsgruppa, slik som til dømes seriespel og cupar, til dømes både Norway Cup og Adidas Cup. Dessutan hadde Bjørn Totland ein bolk om spelarutvikling og kva krav du kan møte med tanke på sone- og kretsaktivitet. Dommar Jonas Mossestad freista dei unge til å delta på dommarrekruttkurs i sitt innlegg. Vi treng nemleg heile tida nye dommarar, seier Vindheim som også orienterte om Fair Play-satsinga til klubben, Eirik Flatjord tok for seg temaet trening og restitusjon, medan dagleg leiar Per Øyvind Storevik orienterte om våre viktige samarbeidspartnerar.

Nye vegar

-Når spelarane deltek på slike kveldar, så inviterer vi også trenarar og lagleiarar for desse ungdommane. I neste veke skal vi også invitere foreldrene til dei same aldersgruppene til ein tilsvarande gjennomgang. Vi håpar at med å samle til foreldremøte, så kan vi komme ut med lik informasjon til alle, seier Vindheim etter den første ungdomskvelden for Førde il Fotball i 2023.

Allereie onsdag kveld er det altså jentespelarane i aldersgruppa 13 til 16 år som er i fokus, sjølvsagt samann med trenarar og lagleiarar.

Tekst og foto: Stig Roger Eide

Relatert