DESSE BEINA SPRING REKORDLANGT

Publisert 25.07.2022 av Stig Roger Eide

Del via

Du kan sjå det med det blotte auge. Men no viser også målbare data at Magne Elias Aarøen har så stor løpskraft at dei fleste i toppfotballen vil ha vanskar med å følgje han. -.Ja, vi har hatt nokre fantastiske tal på Magne i dei siste kampane. Når ein spelar har 13,7 og 13,4 kilometer…

Foto:

Du kan sjå det med det blotte auge. Men no viser også målbare data at Magne Elias Aarøen har så stor løpskraft at dei fleste i toppfotballen vil ha vanskar med å følgje han.

-.Ja, vi har hatt nokre fantastiske tal på Magne i dei siste kampane. Når ein spelar har 13,7 og 13,4 kilometer på to kampar etter kvarandre, er det grunn til å sperre opp auga, seier Elias Øvretveit Larsen.

FANTASTISKE TAL

Han er ansvarleg for å følgje opp målingane som blir gjort i kvar kamp med Førde il Fotball, og vedgår at midtbanespelaren Magne E. Aarøen har noteringar som er svært sjeldan. Noko også hovudtrenar Terje Rognsø stadfestar:

-Eg trur faktisk eg berre ein gong tidlegare har høyrt om høgare tal enn dette. Men kanskje vel så viktig som mange kilometer er kor mykje av dette som er høghastigheits-løp. Det er først og fremst på det området det er viktig å komme høgt opp på skalaen, seier Rognøs og ser at Magne Elias også på det området ligg i toppsjiktet i Førde-fotballen med 27 og 23 sprintar.

TØFF KONKURRANSE

Med høghastigheitsløp handlar det om at farta må vere over 21 kilometer i timen.

-Totalt er det stort sett backane som har flest slike løp, og hos oss gjeld det spesielt Edvin Brattreit. Men når det gjeld midtbana så er den totale løpskrafta også svært viktig. Og det er tydeleg at når ein spelar spring langt, så smittar det over på dei andre, fortel Øvretveit Larsen om rekordtala til midtbanespelaren.

-Sjølvsagt vil kampbildet avgjere mykje med tanke på kor mykje den enkelte spring. Dessutan er det klart at løp i riktig retning er stort sett viktigare enn returløp, smiler han og vedgår at dei har blitt imponert over midtbanespelaren sin motor.

I TOPPEN

-Magne spring stort sett 1,5 kilometer lenger enn dei to andre midtbanespelarane Jacob Frøyen bergset og Mathias Sagevik. Og dei er heller ikkje noko sinker. Faktisk har vi bygd mykje av taktikken vår rundt denne løpssterke delen av årets mannskap, fortel assistenttrenaren og ser at også i internasjonal fotball vil tal som 13,7 og 13,4 kilometer vere svært bra. Faktisk er det her i landet svært få toppspelarar som er nær 14 kilometer per kamp. Og også internasjonalt er det få som har slike tal!

-Ja, det er ikkje vanleg at spelarar legg så mange meter bak seg i løpet av ein kamp. Så ingen tvil om at vi har ein unik løpsstyrke i mannskapet vårt, seier Øvretveit Larsen.

TIL TOPPS!

Og med tanke på at akkurat Magne Elias Aarøen har slike rekordnoteringar, så er det på sin plass å nemne at han allereie som 4-åring gjekk på eigne bein opp og ned på det 1848 meter høge fjellet fjellet Skåla i Nordfjord.

-Ja, dette handlar først og fremst om vilje til å løpe, og det å tole å presse seg. Noko som Magne er unik på, seier Førde-trenaren.

Tekst og foto: Stig Roger Eide

Relatert