-VI STÅR BRA I 80 MINUTT

Publisert 24.05.2023 av Stig Roger Eide

Del via

I 80 minutt var det håp om ei cupbombe i Førde. Då var stillinga framleis 1-1 og heimelaget skapte mange målsjansar. – Fram til då var det bra. Så blir vi slitne, seier Førde-trenar Terje Rognsø etter 1-3-tapet mot Sogndal. Sogndal har framleis grepet på Førde, men trengte nesten to omgangar før dei fekk skikkeleg…

Foto:

I 80 minutt var det håp om ei cupbombe i Førde. Då var stillinga framleis 1-1 og heimelaget skapte mange målsjansar. – Fram til då var det bra. Så blir vi slitne, seier Førde-trenar Terje Rognsø etter 1-3-tapet mot Sogndal.

Sogndal har framleis grepet på Førde, men trengte nesten to omgangar før dei fekk skikkeleg has på heimelaget. Det stod 1-1 etter 1. omgang, men då hadde det ikkje vore ufortent om Førde faktisk hadde leia.

-Ja, vi spelar ein god 1. omgang, og skapar truleg fleire målsjansar enn Sogndal. Mellom anna hadde Kristian Hauståker eit skot som går i tverrliggaren og ned på streken. Men slik er det ofte, seier Rognsø og såg at Sogndal bytte seg opp i mannskapet utover i 2. omgang.

Bølgja fram

-Då blir vi slitne og maktar ikkje å halde på ballen. Kampplanen var at vi skulle komme inn i bakrom, men vi lukkast ikkje med det. Dermed kom det bølgje på bølgje med Sogndal-angrep, seier Rognsø og såg at Sogndal gjekk opp i 1-2 på ein heller tvilsam  måte.

-Det vert snakka om at det var offside, og at det ikkje var noko straffe då tacklinga var på ball. Men det er no ein gong dommaren som avgjer slikt, seier Rognsø og såg at Florø-dommaren Sivert Orheim peikte ubønnhørleg på 11-meteren. Som Alejandro Diaz ekspederte i mål og vart tomålsscorar.

Herleg innsats

-I slike kampar mot ein alltid ha marginane med seg. I dag vippa det nok ein gong Sogndal sin veg. Og etter 90 minutt er det nok fortent, seier Rognsø og vert støtta av Sogndal-spelaren Endre Kupen.

-Endeleg siger på Førde stadion. Det er ei stund sidan. Eg må sikkert tilbake til den tida eg spelte for Florø, gliser Kupen og vedgår at han likar seg betre på jamnt underlag.

-Endeleg bra at det hadde regna og at ballen fekk litt fart. Men det er uvant at ballen humpar slik. Men heldigvis gjekk det vår veg i dag, gliser Kupen og dultar gamletrenaren Terje Rognsø i sida på veg inn i garderoben.

Dermed er cupeventyret over for Førde, medan Sogndal nok ein gong er klar for 2. runde. Med Fjøra sin siger over Florø er det dermed to sogndalslag som er vidare til neste runde i årets NM-cup.

På bildet takkar Rognsø Tore André Flo for kampen.

Kjem meir frå kampen litt seinare.

Tekst og foto: Stig Roger Eide

Relatert