Dei siste 45 minutta var eit stormløp mot Florø-forsvaret, men to minutt på overtid fekk den fotrappe Kristoffer Ryland den bakromsballen han hadde venta på. Dermed var det Florø-spelarane som kunne slippe jubelen laus.

Fotball er ikkje alltid like rettferdig viss ein ser på banespelet, men Førde-trenar Terje Rognsø forklarar 1-2-tapet mot Florø slik.

-Sjølv om vi køyrer heile 2. omgang, så blir vi for upresise i det siste trekket. Vi dominerer fullstendig, men skapar likevel ikkje dei heilt store målsjansane. Eg skjønnar kort og godt ikkje kvifor vi spelar slik vi gjer. Det verkar som om vi ikkje stoler på eigne ferdigheiter, seier Rognsø etter at hans tidlegare elev, Kristoffer Ryland, har heldt kaldt vatn i heimelaget sitt blod med si andre scoring for dagen.

I kvar ende

Det første målet til Ryland kom føre publikum var komme inn på stadion, og det siste kom nokre minutt på overtid.

-Vi snakka om det i pausen at det ville komme nokre bakromsballar som vi ville kunne utnytte. Og at den først kom nokre minutt på overtid, er heilt greitt for meg, smiler Ryland som gjorde comeback for Florø for ei veke sidan. Dei siste åra har han spelt 5.divisjonsfotball i Bergen, etter at han la opp etter ein skade han fekk i Florø då laget var oppe i OBOS-ligaen.

Heimebane

-Det er ekstra kjekt å slå Førde i Førde. Dette er tredje gong eg er med å vinne her inne, og det følest nesten som heimebane for meg. No skal vi iallfall feire at Florø by også har bursdag i dag, smiler Ryland og blir omfamna av Florø-supporterar som stormar bana etter kampslutt.

Førde sitt trøystemål kom på eit omdiskutert straffespark mot slutten av 1. omgang, og det var Jacob Bergset som scora sitt sjette mål for sesongen.

-No må vi grave djupt dei komande dagane, og reise oss så fort som råd. Vi gjer mykje bra i periodar, men manglar det siste. Og viktigaste. Nemleg det å putte ballen i mål. No er det OBOS-liga-laget Sogndal som er neste motstandar på Førde stadion. Den kampen går 24. mai, avsluttar Rognsø og går saman med skuffa Førde-spelarar ned i garderoben.

PS: Det kjem meir om fotballfesten på Førde stadion litt seinare. Ikkje minst masse bildestoff.

Tekst og foto: Stig Roger Eide