RUBEN (32) ER TILBAKE

Publisert 13.05.2023 av Stig Roger Eide

Del via

Ruben Holsæter sitt comeback vart den store positive opplevinga i dagens batalje mot Volda på Førde stadion. Trass eit utal målsjansar begge vegar endte oppgjeret med poengdeling etter 0-0. -Dette var utruleg moro, men vi burde sjølvsagt ha vunne kampen, seier Holsæter etter at han fekk sitt comeback nesten fire år etter at han sist…

Foto:

Ruben Holsæter sitt comeback vart den store positive opplevinga i dagens batalje mot Volda på Førde stadion. Trass eit utal målsjansar begge vegar endte oppgjeret med poengdeling etter 0-0.

-Dette var utruleg moro, men vi burde sjølvsagt ha vunne kampen, seier Holsæter etter at han fekk sitt comeback nesten fire år etter at han sist spelte aktiv fotball.

Spennande spelarar

-Eg gav meg då Gisle Isene var trenar i Førde, og trur det må ha vore i 2019-sesongen. Sidan då har det ikkje vore mykje fotball på meg, nei. Før no i det siste kor eg fekk ein førespurnad om å bidra litt, seier midtbanespelaren som er uvanleg glad for å sjå så mange unge Førde-gutar på laget.

-Det er jo berre unge lokale gutar her. Derfor er det ekstra kjekt å vere med litt, og kanskje kunne gje dei litt råd, ler Ruben Holsæter som under oppgjeret fekk spele dei siste 25 minutta.

-Det gjekk overraskande lett, sjølv om det ikkje vart noko finspel. Det var meir kriging enn finspel, seier Holsæter som i si karriere hadde fem sesongar i Sogndal og fekk seg nærare 100 kampar i Tippeligaen og OBOS-ligaen.

Kjekk oppleving

-No er treningsgrunnlaget mitt litt tynt, og eg har vore med på dei fem-seks siste treningane. Og i dag var nok oppgåva mi at eg skulle balansere på midten, og passe på at vi ikkje blottla oss for mykje, seier Ruben og går vegen rundt for å takke med- og motspelarar for kampen.

-Dette var veldig kjekt, faktisk. Eg har signert to månadars kontrakt med Førde, og så får vi sjå når den tid kjem. Eg er jo «berre» 32 år, og kan kanskje bidra noko overfor spelargruppa, seier Holsæter og trur mannskapet er godt nok til å hevde seg godt i divisjonen.

Stang inn

-Det er utruleg mange spennande spelarar i Førde for tida, og dette kan gå langt viss det berre bikkar vår veg. I dag var det to gonger i aluminiumen og Volde-keeperen hadde også nokre flotte redningar. På samme måte som vår keeper, Fredrik Hanssen, også varta opp med nokre flotte paradar. Men skulle nokon ha hatt tre poeng, så meiner eg Førde hadde dei feitaste sjansane. Men det vart poengdeling, og dermed ligg vi framleis litt utsett til på tabellen. Så no er det berre å sjå fram mot oppgjeret mot Florø på Førde stadion 16. mai. Det skal bli kjekt, lovar Ruben Holsæter etter comebacket på fotballbana.

Det kjem meir frå kampen litt seinare.

Tekst og foto: Stig Roger Eide

Relatert