VIL LAGE FEST PÅ 16.MAI

Publisert 11.05.2023 av Stig Roger Eide

Del via

Dei går saman om å lage gratis fotballfest, både før, under og etter lokaloppgjeret mot Florø på Førde stadion. – Her blir det konkurransar, show, opptog og mykje moro, seier denne kvintetten. Det går rykter om at Florø-fotballen er i ferd med å setje opp gratisbussar for å mønstre masse supporterar til 16. mai-kampen mot…

Foto:

Dei går saman om å lage gratis fotballfest, både før, under og etter lokaloppgjeret mot Florø på Førde stadion. – Her blir det konkurransar, show, opptog og mykje moro, seier denne kvintetten.

Det går rykter om at Florø-fotballen er i ferd med å setje opp gratisbussar for å mønstre masse supporterar til 16. mai-kampen mot erkerivalen. Men du må ikkje tru at Førde-fotballen ligg på latsida heller.

-No inviterer vi alle til gratis «førfest» på Scandic Hotel & Spa. Her blir det konkurransar, allsangar med DJ Torbjørn Gran, intervju med trenarane for dei to laga og mykje anna moro, seier Trond Valaker som er konferansier for arrangementet.

Brann og musikk

Etter samlinga på hotellet, vil det bli felles avmarsj til Førde stadion, med Førde Brannvesen og Førde Musikklag i front.

-Vi håpar det skal vere ein horde av Førde-supporterar som deltek, og at vi saman skal klare å skape ei fantastisk ramme rundt kampen, seier Svein Inge Bjørkedal i selskapet «Hending» som koordinerer det praktiske ved arrangementet.

Fylle stadion

Dei fire samarbeidspartnerane Scandic Sunnfjord Hotel & Spa, Sparebanken Sogn og Fjordane, Førde il Fotball  og Hending freistar også med pengepremiar til dei som er flinkast til både å trikse og å skape stemning.

-Vi skal ha triksekonkurransen på scena på hotellet, og ikkje minst skal vi ut med ein flott pengepremie til det laget som lagar mest show både på hotellet og under kampen. Vi håpar på til dømes ansiktsmåling, plakatar, songar, flagg og masse støy elles, seier Lars Solnørdal i Sparebanken Sogn og Fjordane om opplegget på hotellet føre avspark.

-No oppfordrar vi laga til å melde seg på gruppevis på Spond, og at folk elles også melder seg på arrangementet via linken under. Dette fordi hotellet skal ha ein viss kontroll på kor mange som vil vere med og kva lokale som skal nyttast, seier Fred Reiersen ved hotellet.

https://www.facebook.com/events/243681931605565

Flagg og fest

-Vi håpar sjølvsagt at det skal komme så mykje folk at vi må ta i bruk Sunnfjordsalen, seier dei fem i kor og veivar med Førde-flagga fem dagar føre 16. mai-kampen mot Florø.

Festen på hotellet startar 16.15 og varer ein times tid. Hotellet opnar for deltakarar ein halvtime tidlegare.

Følg elles med på sosiale medier i tida framover, og det vil kome meir stoff om arrangementet.

Gå saman i grupper, invitere ein ven og skap stemning!

Heia Førde!!

Tekst og foto: Stig Roger Eide

Relatert