SER DU KVEN SOM ER TILBAKE?

Publisert 14.04.2023 av Stig Roger Eide

Del via

Skadesituasjonen som har oppstått i A-laget i det siste har gjort det nødvendig for Førde il Fotball å sjå etter forsterkingar. Fredag ettermiddag tikka det inn melding frå Norges Fotballforbund om at ein ny spelar var klar. Skadene på sentrale spelarar som Mathias Sagevik og Sander Aamelfot har gjort at leiinga i Førde il Fotball…

Foto:

Skadesituasjonen som har oppstått i A-laget i det siste har gjort det nødvendig for Førde il Fotball å sjå etter forsterkingar. Fredag ettermiddag tikka det inn melding frå Norges Fotballforbund om at ein ny spelar var klar.

Skadene på sentrale spelarar som Mathias Sagevik og Sander Aamelfot har gjort at leiinga i Førde il Fotball har leitt med lys og lykte etter forsterkingar som kan tre inn i laget på kort varsel. Og på torsdagstreninga dukka tidlegare Førde-spelar Peter Aase opp.

-Ja, eg har forstått at det kunne vere trong for meg. Eg held for tida på med lærarutdanning i Bergen, men har ikkje førelesingar i tida framover. Så eg er motivert for å flytte tilbake til Sunnfjord for å hjelpe laget, seier midtbanespelaren i ei pause i speløktene torsdag kveld.

Kjekt å vere tilbake

Det er ikkje til å leggje skjul på at dei nære relasjonane til hovudtrenar Terje Rognsø er den viktigaste grunnen til at Peter no stiller opp for Førde igjen.

-Ja, eg forstod at det var litt prekært. Så då var det berre for meg å kansellere kontrakten eg har med Bjarg, og melde meg klar for teneste for Førde igjen. Det skal bli kjekt, seier Peter Aase som seinast i fjor spelte for Førde. Sjølv om skader då heldt han ute av laget i ein periode.

-Eg er motivert for å trene godt i tida framover, og håpar eg framleis har såpass mykje fotball i meg at eg skal kunne bidra. Ikkje minst håpar eg å kunne gje noko til dei mange unge som kjem opp, seier 28 år gamle Peter Aase.

Mange landskampar

Trass sin unge alder har Peter ei lang karriere bak seg på det grøne graset. Han har totalt 27 landskampar på U15, U16, U17 og U18-landslaga, og han har representert klubbar som Florø, Sogndal, Åsane, Sotra, Lysekloster og Bjarg.

Fredag ettermiddag kom klarsignalet frå Norges Fotballforbund om at Peter Aase var speleberettiga for Førde frå dags dato. Dermed er det naturleg at han går i troppen til Terje Rognsø mot Brumunddal allereie sundag ettermiddag i Hafstadparken.

Velkommen tilbake til Førde, Peter!

Tekst og foto: Stig Roger Eide

Relatert