TO MÅL AV JACOB VAR IKKJE NOK

Publisert 07.05.2023 av Stig Roger Eide

Del via

Utan Vegard Savland og Sander Aamelfot på bana, er det midtbanespelar Jacob Bergset som scorar Førde sin mål. Men på Fosshaugane Campus var ikkje to scoringar av Jacob nok til å tukte Endre Kupen og Sogndal. -Jacob er god, ja. Det veit vi. Men det held ikkje berre med ein spelar, er Førde-trenar Terje Rognsø…

Foto:

Utan Vegard Savland og Sander Aamelfot på bana, er det midtbanespelar Jacob Bergset som scorar Førde sin mål. Men på Fosshaugane Campus var ikkje to scoringar av Jacob nok til å tukte Endre Kupen og Sogndal.

-Jacob er god, ja. Det veit vi. Men det held ikkje berre med ein spelar, er Førde-trenar Terje Rognsø sin kjappe kommentar etter 3-2-tapet mot Sogndal sine neste beste. Så i staden for at Førde no kunne kople seg på i det øvre sjikt i 3. divisjon, så ligg dei på nedre halvdel av tabellen.

Avslørt

-I dag blir vi avslørt på ferdigheiter. Kort og godt. Dette er ikkje noko nytt. Vi veit kva nivå vi ligg på, men når eg ser den første halvdelen av 2. omgang i dag, så er det truleg det svakaste eg har sett av Førde på åresvis, seier Rognsø og såg at 0-1-leiinga då vart snudd til 3-1. Først og fremst gjennom gode overgangar frå Sogndal og ditto avslutningar av den tidlegare Florø-spelaren Endre Kupen.

-Vi veit kva Kupen kan, og når du får stå åleine innafor 16-meteren, så brukar han å score, seier Rognsø og siktar til at Førde defensivt ikkje heng saman i 2. omgang.

Skader og sjukdom

-Det er greitt nok at vi ikkje rekk å sette innpå ein spelar etter at Elias Rognebakke vart skadd log Sogndal utnyttar det med å score sitt første mål. Men at vi ikkje får kontroll etterpå er vanskeleg å forstå. Nei, dette var ein sur lærepenge, seier Rognsø og ser at utan Vegard Savland (sjuk), Sander Aamelfot (skada), Mathias Sagevik (skada), Simen Indrebø (skada), så er det tynt med offensive spelarar i troppen.

– Dette er noko vi har vore klar over ei stund, men det er ikkje gjort over natta å endre på slikt. No får vi ta oppteljing, og håpe at nokre av desse snart kan vere i aktivitet igjen. Og vi har ikkje god tid. Allereie på laurdag er det heimekamp mot Volda, seier Rognsø etter tapet mot Sogndal sine neste beste.

Tekst og arkivfoto: Stig Roger Eide

SOGNDAL II-FØRDE 3-2 (0-1)

Fosshaugane campus

200 tilskodarar

Mål:

0-1 37 min Jacob Bergset

1-1 57 min Johannes Konstali-Lødemel

2-1 63 min Endre Kupen

3-1 76 min Endre Kupen

3-2 84 min Jacob Bergset

Dommar: Sivert Orheim, Florø

Gult kort: Kristoffer Haukås Steinset, Marius Årøy og Jørgen Johnsen, alle Sogndal II. Nikolai Hvidsten, Førde

Førde: Fredrik Hanssen, Eirik Flatjord (Sander Lekva i 72 min), Ole Petter H. Larsen, Elias Rognebakke (Henrik Lilleaasen i 59. min), Øystein Østvik, Kristian Hauståker, Jacob Bergset, Peter Aase (Nicolai Hvidsten i 72. min), Jonas Frøiland Nistad (Sander Kapstad i 79. min), Elias Grimeland (Magne Aarøen i 72. min), Mathias Helgheim

Relatert