DETTE ER DEN NYE TRENAREN

Publisert 08.12.2022 av Stig Roger Eide

Del via

Torsdag kveld vart det klart at Johan Pettersen blir den nye trenaren for Førde il Fotball sitt damelag i 3. divisjon. –Dette er noko eg verkeleg ser fram til, sa trenaren då han vart presentert. Johan Pettersen har lang fartstid i Førde-fotballen, og har sidan han kom til Sunnfjord i 2007 hatt fleire trenarjobbar i…

Foto:

Torsdag kveld vart det klart at Johan Pettersen blir den nye trenaren for Førde il Fotball sitt damelag i 3. divisjon. –Dette er noko eg verkeleg ser fram til, sa trenaren då han vart presentert.

Johan Pettersen har lang fartstid i Førde-fotballen, og har sidan han kom til Sunnfjord i 2007 hatt fleire trenarjobbar i klubben.

-Ja, eg har trent diverse lag, alt frå aldersbestemte lag til seniorlag. Med begge kjønn. Dessutan har eg hatt sone- og kretslag, slik at eg kjenner nokre av spelarane i denne gruppa også, kunne nyetrenaren fortelje i sin innleiingstale til dei 25 spelarane som møtte opp i Hafstadparken torsdag kveld.

Masse treningar

-Eg har fått fortalt frå den tidlegare trenaren, Bjørn Totland, at dette er ein svært treningsvilleg gjeng. Noko som kanskje er det absolutt viktigaste i mine auge. For det blir masse treningar framover, og vi skal klare å kombinere både det å ha det kjekt med å vere seriøse. For når vi er på trening, så skal vi legge alt anna til sides, fortalde Pettersen som opphaveleg er frå Bodø.

-Men med så mange år i Førde, så er eg nok på veg til å bli ein førdianar. Eg er iallfall Førde-patriot, sa Pettersen som i det sivile liv jobbar i Konfliktrådet.

I januar

-No skal vi ha juleferie, men i midten av januar startar vi opp for fullt. Det blir i utgangspunktet tre treningar i veka, og det skal vere treningar med mykje trøkk og tempo i. Og mesteparten av det vi skal halde på med er kamprelatert, så det blir mykje fotball og konkurransar i øktene, lova Pettersen.

Han har UEFA B-lisens som trenar, og får med seg Terje Norevik som assistenttrenar det komande året.

-Dessutan skal eg vere assistenttrenar for eit G13-lag komande sesong, så eg blir nok å sjå i Hafstadparken omtrent kvar einaste kveld. Men dette er noko eg elskar, sa Pettersen før han tok runden rundt for å slå av ein prat med kvar einskild damespelar.

I 2022-sesongen vann Førde 3.divisjon for kvinner i Sogn og Fjordane, og til våren er planen at det skal bli spelt ein enkel serie med om lag 10 lag i 3. divisjon i «gamlefylket». Til hausten skal det bli spelt ein «toppa» serie med seks lag, fire frå Hordaland og minst eit lag frå Sogn og Fjordane. Gjennom kvalifisering skal det også vere sjanse for at Sogn og Fjordane får med nok eit lag.

Tekst og foto: Stig Roger Eide

Relatert