I desse dagar er det konfirmasjonstid rundt omkring. Og for Førde-spelaren Inga Hjelmeland Berqvam var det bere å fullføre gudstenesten i kyrkja, før ho stakk på kamp for damelaget til Førde.
-Eg rakk det heldigvis, smiler den talentfulle midtstopparen då vi spør ho om ho ikkje vart konfirmert på kampdagen i går. For Inga var nemleg på plass i Hafstadparken på samme tid som lagvenninnene, og fekk skifta frå festklede til kamputstyr i god tid føre kampstart 14.00.
Tidleg på dag
-Jo eg vart konfirmert i Førde kyrkje tidleg i dag. Eg var heldigvis i den første gruppa klokka 10.00, så dette gjekk greitt. Og heldigvis skal vi ikkje ha konfirmasjonsfest i familien før neste helg. Då skal nemleg tvillingssøstra mi, Kristina, mi konfirmerast. Vi skal ha felles fest då, smiler Inga etter at laget hennar har slått Sogndal-laget heile 7-1.
-Det var kjekt i kyrkja, men for meg er no fotball viktigast, ler ho då ho går av bana.
Lukke til
Vel konfirmert til dei som vart konfirmert i går!
Førde il Fotball gratulerer Inga og dei andre konfirmantane med stor dag. Og lukke til for dei som skal konfirmerast 6., 7., 13. og 21. mai!
PS: Ut frå terminlista ser det ikkje ut til at det vil bli kollisjonar mellom fotball og konfirmasjon på desse dagane for våre spelarar.
Tekst og foto: Stig Roger Eide