DEI FÅR DRØMMETUR TIL ULLEVAAL

Publisert 01.05.2023 av Stig Roger Eide

Del via

Eline og Marie får ei oppleving ingen andre har hatt. 24. juni skal dei nemleg både bu i telt på landskamparenaen Ullevaal stadion i Oslo og bli trent av landslagstrenarar. -Ja, vi er skikkeleg heldige, og hadde utruleg flaks som kom med, smiler Eline Solheim Klakegg og Marie Apneseth Reiersen om det som ventar dei…

Foto:

Eline og Marie får ei oppleving ingen andre har hatt. 24. juni skal dei nemleg både bu i telt på landskamparenaen Ullevaal stadion i Oslo og bli trent av landslagstrenarar.

-Ja, vi er skikkeleg heldige, og hadde utruleg flaks som kom med, smiler Eline Solheim Klakegg og Marie Apneseth Reiersen om det som ventar dei om knappe to månadar. Då skal nemleg 100 unge fotballspelarar frå heile Norge få spele fotball på Ullevaal stadion, møte landslagsheltar, bli trent av landslagstrenarar og ikkje minst sove i telt om natta. Og det på sjølve landskamparenaen!

Små telt?

-Vi veit eigentleg ikkje noko om korleis det skal skje, men trur det skal vere små telt rundt om på heile bana. Det er iallfall noko eg har sett på TikTok, smiler Eline då vi treff dei to jentespelarane i Hafstadparken i samband med trening 1. mai-kvelden.

-Vi trenar mykje fotball, tre-fire gonger i veka. Og så er det kamp og eigentrening. Dette er utruleg kjekt, seier Marie som har pappa Fred Reiersen som ein trenarane på J13-laget sitt.

Vore på Ullevaal

-Vi har så vidt begynt på sesongen, og har spelt to kampar. Då har vi vunne 14-3 og 6-2, smiler Eline og fortel at ho sikkert er over gjennomsnittet fotballinteressert.

-Eg var på Ullevaal i fjor og såg kampen mellom Manchester United og Atletico Madrid, og så skal eg sjå landskampen mellom Norge og Kypros fire dagar før vi skal overnatte der. Eg fekk nemleg billett til denne VM-kampen i julegåve frå mamma og pappa, smiler Eline og siktar til foreldra Merethe Solheim Klakegg og Roger Klakegg.

Flaks

Det er landslaget sin hovudsponsor BAMA som saman med NFF står bak opplegget, og totalt var det over 1500 unge fotballspelarar som søkte om å få oppleve dette.

-Vi hadde jammen flaks som vart trekte ut. Og så er det flott at vi er to som reiser saman. Då har vi nokon å snakke med, smiler Marie medan vi ruslar ut på kunstgraset for å ta bilder.

-Du må få med det at vi begge to heiar på Chelsea sitt damelag. Der er det to norske spelarar, nemleg Guro Reiten og Maren Mjelde. Dessutan ser vi alle damekampane til Førde, og seinast i går var vi balljenter då dei vann 7-1 over Sogndal. Så du skjønnar sikkert at fotball er viktig for oss, ler dei og siktar til at det kanskje kan dukke opp nokre tøffe gutar på opplegget i Oslo. Og begge to ser lurt bort på mammaen til Marie, Solrunn Apneseth Reiersen.

-Men vi er no der først og fremst for å spele fotball da. Vi får dekka flyreise fram og tilbake og har dessutan lov å ha med oss ein forelder.  Då blir det sikkert kamp mellom mamma og pappa om kven som skal vere med, ler dei to og startar med å trikse ballen ute på kunstgraset.

Snakk om å ha noko å glede seg til når skulen er over.

Tekst og foto: Stig Roger Eide

Relatert