RUSSE-INGA FOR HISTORIEBØKENE

Publisert 30.04.2023 av Stig Roger Eide

Del via

Inga Hoff laga fire mål i 3. divisjonskampen mot Sogndal sundag, og reise deretter rett på russefeiring på Breim. – Vi har jenter som verkeleg står på, ja, smiler trenar Johan Pettersen. Og Inga Hoff kan kanskje markere russetida litt ekstra i kveld då ho truleg kan ha scora eitt av dei raskaste hattricka i…

Inga Hoff laga fire mål i 3. divisjonskampen mot Sogndal sundag, og reise deretter rett på russefeiring på Breim. – Vi har jenter som verkeleg står på, ja, smiler trenar Johan Pettersen.

Og Inga Hoff kan kanskje markere russetida litt ekstra i kveld då ho truleg kan ha scora eitt av dei raskaste hattricka i kvinnefotballens historie. Den offisielle rekorden innehas i følgje Wikipedia av sveitsiske Fabiene Humm som i 2015 scora tre mål på fem minutt i landskamp mellom Sveits og Equador. Og Inga Hoff kopierte dette då ho scora tre mål på rappen i det 72., 74. og 77. minutt.

Rett til Breim

-Ja, Inga kan godt feire litt ekstra i dag. Ikkje berre for dei fire måla, men også fordi ho har scora i alle kampane hittil i år. Ho er toppscorar i 3. divisjon, med totalt sju mål. Det betyr at ho i gjennomsnitt har scora over to mål per kamp, seier Johan Pettersen etter totalt 7-1-siger mot Sogndal 2/ Sogndal FK 2 sundag ettermiddag i Hafstadparken.

-I dag er det grei gjennomkøyring. Alle 18 spelarane i troppen får spele, og dette er motiverande med tanke på treningane framover. No står vi føre to vanskelege bortekampar mot Måløy og Selje, og då må vi vere på tå hev alle saman, seier Johan Pettersen og såg at bortelaget frå Sogndal føkk fekk sitt trøystemål i siste speleminutt.

Unge spelarar

-Vi har ekstremt låg alder i troppen vår, og ser at spelarane tek kjempesprang i ferdigheiter. Det er utruleg flott å sjå. Og dette er jenter som har lyst til å utvikle seg vidare. Noko som er utruleg kjekt, seier Johan Pettersen etter 7-1-sigeren i Hafstadparken.

Og når dette er forfatta, så er Inga Hoff akkurat komme fram til Breim og og kan starte russefeiringa saman med hundrevis av andre russ frå heile fylket.

Tekst og foto: Stig Roger Eide

KAMPFAKTA

3.divisjon kvinner

FØRDE-SOGNDAL II/SOGNDAL FK II 7-1 (3-0)

Hafstadparken

100 tilskodarar

Mål:

1-0 15 min Inga Hoff

2-0 20 min Dina Sande Søgnen

3-0 31 min Vibeke Solheim

4-0 72 min Inga Hoff

5-0 74 min Inga Hoff

6-0 77 min Inga Hoff

7-0 79 min Kristina Hjelmeland Berqvam

7-1 90 min Malene Kvalsøren

Førde: Sofie Honningsvåg Aarnes, Vibeke Solheim (Ragnhild Fløtyre Ulltang i 56. min), Lea Oline Aamot Fonn, Linnea Levik Aamot (Marit Hjelmeland Berqvam i 80. min), Inga Hjelmeland Berqvam (Viktoria Zablotna i 80. min), Sigrid Welle, Dina Sande Søgnen, Johanne Støfring, Kaja Johannessen Skrede (Synne Bell Folland i 63. min), Inga Hoff (Helene By Vikøren i 81. min)

Relatert