NO BLIR DET KAFÉ I HELGENE I PARKEN

Publisert 27.04.2023 av Stig Roger Eide

Del via

-Det er jo synd dette flotte lokalet ikkje er meir i bruk i helgene, seier Ann Kristin Solheimsnes Vindheim. Frå førstkomande sundag av blir det open kafeteria for kven som helst i Hafstadparken. I helgene framover kan volleyballspelarar, fotballspelarar, turgåarar eller familiar leggje turen til Hafstadparken, og på same tid stikke innom klubbhuset for å…

Foto:

-Det er jo synd dette flotte lokalet ikkje er meir i bruk i helgene, seier Ann Kristin Solheimsnes Vindheim. Frå førstkomande sundag av blir det open kafeteria for kven som helst i Hafstadparken.

I helgene framover kan volleyballspelarar, fotballspelarar, turgåarar eller familiar leggje turen til Hafstadparken, og på same tid stikke innom klubbhuset for å få seg noko forfriskande. For Ann Kristin og mannen Geir har lenge sysla med tanken på å etablere fastare rutinar rundt kaféen i parken.

-No har vi vaksne ungar, og har tid og lyst til dette. Og kan vi dekke eit behov, så ville jo det vere fantastisk, seier Ann Kristin og håpar kafeen framover vil bli ein møteplass for folk som nyttar parken.

Bra utval

-No er det stor aktivitet i parken framover, og då vil det vere flott viss vi kan tilby brukarane noko dei har lyst på, seier Ann Kristin og har førebels planar om å halde oppe mellom 11.00 og 16.00 på laurdagar og mellom 11.00 og 18.00 på sundagar.

-I periodar kan det vere veldig mykje folk i parken, og då hadde det vore flott viss vi kunne ha gjort kaféen til ein plass kor folk kan slå seg nedog ta ein prat . Det er mange som går tur gjennom anlegget, det er tennisspelarar, det er skatarar, det er volleyballspelarar og mange, mange andre. Tenk viss eit ope kafetilbod kunne fått endå fleire til å bruke Hafstadparken, seier Ann Kristin som vil få hovudansvaret for drifta.

Mange i parken

-Vi kjem sjølvsagt ikkje til å ha eit enormt utval i kaféen, men det skal vere vaflar/sveler laga av heimelaga røre. Det skal sjølvsagt vere kaffe, brus, juice, is, vatn, pølse i brød, kaker og kanskje wraps av og til. Eg prøvde det sist helg, og då gjekk det ganske mykje av det, seier Ann Kristin og er ikkje framand for å utvide tilbodet etter kvart.

-Håpet er å klare å skape ein møteplass med litt liv og røre i helgene. No blir det dugnad frå enkelte lag og andre engasjerte personar som har lyst til å bidra for å få til noko. Det er sjølvsagt kjekt om klubben kan skape litt inntekter på dette, men det aller viktigaste er at vi gjev brukarane av Hafstadparken ein moglegheit for ein kopp kaffi eller noko å bite i, seier Ann Kristin.

Start på sundag

Ho vil starte opp allereie førstkomande sundag.

-Frå sundag av, og i helgene fram til sommarferien, er alle hjarteleg velkomne til kaféen i Hafstadparken. Så er planen å halde den stengt til midten av august for så å opne igjen til hausten. No håpar vi berre at jungeltelegrafen vil virke og at folk stikk innom. Eg trur dette skal bli veldig kjekt, seier initiativtakaren.

PS: Vi gjer merksam på at det kan bli nokre mindre endringar vedrørande helgeopningane grunna andre avtalte arrangement i FIL-huset, til dømes konfirmasjon/barnedåp. Dette vil vi komme tilbake til med annonsering på Førde il Fotball si Facebook-side.

Tekst og foto: Stig Roger Eide

Relatert