-VI STØTTAR FOTBALLEN MED GLEDE

Publisert 26.10.2022 av Stig Roger Eide

Del via

Orda kjem frå Rolf Kjetil Egge i Coop Nordvest og siktar til samarbeidsavtalen med Førde il Fotball.–Dette er ei av dei største sponsoravtalen vi har, fortel han. Coop Nordvest har totalt 152 tilsette i Førde. Noko som Rolf Kjetil Egge forklarer er ein av grunnanetil at dei har inngått ein samarbeidsavtale med Førde-fotballen. -Vi er…

Orda kjem frå Rolf Kjetil Egge i Coop Nordvest og siktar til samarbeidsavtalen med Førde il Fotball.
–Dette er ei av dei største sponsoravtalen vi har, fortel han.

Coop Nordvest har totalt 152 tilsette i Førde. Noko som Rolf Kjetil Egge forklarer er ein av grunnane
til at dei har inngått ein samarbeidsavtale med Førde-fotballen.

-Vi er ein stor arbeidsgjevar og lokal bidragsytar, for oss er lokalmiljøet viktig. Vi er opptekne av å ta
vår del av samfunnsansvaret og leggje til rette for at vi har livskraftige lokalsamfunn og nærmiljø.
Avtalen med Førde il Fotball er viktig for oss, den når mange og gjev stor aktivitet i bredde, spesielt
for barn og ungdom, seier Egge og samlar nokre av leiarane for fleire av butikkane i Coop Nordvest i
Førde (bildet):

Fremst og bakover: Janne Årdal (ass. varehussjef Obs Bygg), Anders Kleiveland (butikksjef Coop
Mega), Martin Haug (butikksjef Extra Kafé), Anne Østenstad (ansvar faghandel Coop Extra) og Rolf
Kjetil Egge (kommunikasjon- og organisasjonssjef Coop Nordvest).

Lokal støtte

Og leiarane er samde i at det er riktig prioritering å støtte lokalt. Ikkje minst sett i det perspektiv at
mange som får sommarjobb og ekstraarbeid i butikkane kjem frå akkurat idretten, ei rekruttering
som er viktig for Coop Nordvest.
-Eg veit at for vår del så er mange av våre unge tilsette rekruttert frå idretten. Og spesielt frå
fotballen, seier Anders Kleiveland som er butikksjef for Coop Mega i Førde sentrum. Samla trur
leiarane at mellom 40-50 ungdommar kvart år får sin første arbeidslivserfaring i forskjellige Coop-
butikkar i Førde.
-Vår avtale med Førde il Fotball er av dei større vi har, og er ein avtale vi er svært glad for. Førde-
fotballen åleine har meir enn 1300 aktive medlemmer som engasjerer ein stor del av Førde-
samfunnet, både direkte og indirekte. Og sjølvsagt er svært mange av desse kundar hos oss. Då
prøver vi å gje noko tilbake, seier Egge og viser til at ein del av avtalen er at A-lagsspelarane et lunsj
på Coop Extra Kafé føre heimekampar.

Lojalitet

-For vår del handlar det om å skape ein lojalitet overfor dei vi samarbeider med. A-lagsspelarane til
Førde held eit bra nivå på toppen, men vel så viktig er den store breidden i Førde-fotballen. Det
handlar om å gje noko begge vegar, seier Egge.

-Vi vil gjerne vere en bevisst og aktiv sponsor i lokalmiljøet. Sjølv om fotballavtalen er den største, har
vi engasjement også i handballen, volleyballen og fleire andre lokale klubbar. Samtidig er det viktig at
klubbane som blir støtta og deira medlemmer er bevisste på å bruke tenestene til dei som er
sponsor, det er ein føresetnad for at vi skal klare å oppretthalde den økonomiske støtta.
Men for oss i fotballen, veit vi kor viktig våre samarbeidspartnerar er.

UTAN SPONSORAR, STOPPAR AKTIVITETEN OPP

Bli bevisst på kven som støttar oss, og støtt dei som støttar oss!!!

Tekst og foto: Stig Roger Eide

Relatert