-Vi har som mål å etablere ein felles arena for kommunikasjon for oss som trenar jenter og damer i
klubben, seier Johan Pettersen. Torsdag kveld var hovudtrenarane for innpå 100 spelarar samla for
første gang.
Førde il Fotball har svært god rekruttering av spelarar, og for å etablere kontinuitet og samhald i
arbeidet, så er det no etablert eit historisk trenarforum med ansvar for jentene i klubben. På torsdag
møtest hovudtrenarane for J13, J14, J15-17 og damelaget for første gang i klubbhuset, og saman
prøvde dei å stake ut ein kurs for framtidige fellesmøter.
-Vi har garantert mykje vi kan dele sjølv om vi trenar på forskjellige alderstrinn. Det er fleire likheiter
enn ulikheiter, seier trenar for damelaget Johan Pettersen som var initiativtakar til forumet.
Raud tråd
-Eg opplevde at vi hadde eit trenarforum då eg var herretrenar for nokre år sidan. Då var det Knut
Erik Folland og Torbjørn Glomnes som prøvde å halde ein raud tråd blant gutane. No føler eg tida er
inne for å gjere det samme på jentesida, sa Pettersen og vart støtta 100 prosent av trenarane for dei
tre andre aldersgruppene under damelaget.
Duoen Fred Reiersen og Kenneth Solsvik har ansvar for J13-laga, medan rutinerte Rasmus Faleide har
ansvaret for J14. For J15-17 har endeleg klubben fått på plass ein kvinneleg trenar (og spelar) i Vibeke
Solheim, medan Johan Pettersen har ansvar for damelaget.
Bygge kultur
-No satsar vi på å ha trenarforum omtrent kvar sjette veke, og etter kvart vil vi også inkludere dei
andre ansvarlege rundt desse laga. Her er så mykje kompetanse som vi gjerne vil dele med
kvarandre. Dessutan trur eg det er viktig «å rive ned» skilnaden mellom laga. I staden skal vi prøve å
etablere ein kultur for fellesskap. Vi veit at dei unge ser opp til dei eldre spelarane og at dei er viktige
rollemodellar. Noko vi ser til dømes på J13-gruppene når tre av damespelarane deltek der som
assistenttrenarar, fortel Fred Reiersen om erfaringane dei har i gruppa si.
Planen er at trenarforumet i utgangspunktet skal vere bygd opp rundt forskjellige tema, men at det
også skal vere ope for å ta opp meir konkrete saker.
Heilt nytt
-Vi prøvar på noko nytt i klubben, og håpar dette skal vere med på å løfte fotballen på jentesida, seier
Johan Pettersen til fotballgruppa sin utsende.
Desse fem deltok på det første trenarforumet for jenter: Frå venstre Kenneth Solsvik, Rasmus
Faleide, Johan Pettersen, Vibeke Solheim og Fred Reiersen.
Tekst og foto: Stig Roger Eide