ENDELEG KAMP PÅ STADION

Publisert 28.04.2023 av Stig Roger Eide

Del via

Laurdag klokka 15.00 er det klart for årets første seriekamp på Førde stadion. -Grasmatta ser grøn og fin ut, men er framleis litt ujamn, seier trenar Terje Rognsø. Torsdag kveld fekk Førde-spelarane for første gang i år slippe utpå grasmatta på Førde stadion, og det var tendensar til «kalveslepp om våren» dei første minutta. Og…

Laurdag klokka 15.00 er det klart for årets første seriekamp på Førde stadion. -Grasmatta ser grøn og fin ut, men er framleis litt ujamn, seier trenar Terje Rognsø.

Torsdag kveld fekk Førde-spelarane for første gang i år slippe utpå grasmatta på Førde stadion, og det var tendensar til «kalveslepp om våren» dei første minutta. Og tilbakemeldingane frå spelarane var udiskutable.

-Det var herleg mjukt å springe på, men noko ujamnt, var gjennomgangstonen.

Slått graset

Faktum er at etter at det har lagt vekstduk på heile grasmatta i nesten tre veker, så har graset begynt å spire. Og vaktmeister i Sunnfjord kommune, Kåre Holsæter, nytta høvet til å klippe den første veksten denne veka.

Så når Hødd 2 kjem til første kamp på naturgraset, så veit Førde-trenarane Terje Rognsø/Knut Erik Folland at motstandaren så langt ikkje har tapt i årets sesong. Dei har to uavgjorte (3-3 mot Sogndal og 5-5 mot Volda) og ein siger (1-0 mot Funnefoss/Vormsund).

-Så lenge det er eit andrelag, så er vi sjølvsagt litt usikre på kva mannskap dei stiller med. Ikkje minst fordi førstelaget skal møte Kongsvinger i OBOS-ligaen på bortebane allereie på sundag. Uansett er dette ein kamp vi må gå for å vinne og sikre vår første trepoengar, seier Rognsø etter gjennomført den første treningsøkta på naturgras.

Savland tilbake

I oppgjeret mot Hødd 2 klokka 15.00 på laurdag, så kan det også bli første kamp for Vegard Savland. Han fekk som kjent raudt kort mot akkurat Hødd 2 i siste kamp i 2022-sesongen, og har sona dei tre første kampane i år.

-Vegard er speleklar, ja. Det gjer at vi får ein spelar tilbake. Men framleis er både Sander Aamelfot og Mathias Sagevik ute av troppen, seier Rognsø føre oppgjeret på Førde stadion.

I fjorårets sesong vann Førde heile 5-0 over Hødd 2 på Førde stadion.

På bildet ser vi assistenttrenar Knut Erik Folland saman med Vegard Savland. I bakgrunnen ser vi spelarar trakke grasmatta etter den første treninga på stadion.

Tekst og foto: Stig Roger

Relatert