STØTT OPP OM STORHALLEN

Publisert 13.04.2023 av Stig Roger Eide

Del via

Vi har lenge hatt planar om endeleg å bygge storhall i Førde, og har konkrete planar om å bygge hallen over bane 2 i Hafstadparken. Men politikarane i kommunen ber om at bruken av Hafstadparken først skal evaluerast. Dette betyr i klartekst at Førde il Fotball håpar at så mange som mogleg set av tid…

Foto:

Vi har lenge hatt planar om endeleg å bygge storhall i Førde, og har konkrete planar om å bygge hallen over bane 2 i Hafstadparken. Men politikarane i kommunen ber om at bruken av Hafstadparken først skal evaluerast.

Dette betyr i klartekst at Førde il Fotball håpar at så mange som mogleg set av tid til å delta på møte i Førdehuset tysdag 25. april klokka 18.00. Sunnfjord kommune har då nemleg invitert til ope møte om Hafstadparken, og skal redegjere for kva planar dei har. Dessutan vil det vere høve til å komme med innlegg frå brukarane av Hafstadparken. Men på dette området er det viktig å vere klar over at viss ein har tankar om å halde eit innlegg på vegner av brukarane, så må dette meldast inn på førehand, seinast 21.april. Anten på mail: anne.grete.nottingnes.rognsoy@sunnfjord.kommune.no eller telefon 90651070/57726114.

Fram i tid

I invitasjonen til møtet står det også at det vil bli halden ei kort innleiing av dagens kommunedirektør Terje Heggheim, før tidlegare kommunedirektør Ole John Østenstad deretter vil fortelle litt om historikken og bakgrunnen for Hafstadparken. Så skal Patrick Langeland i Sunnfjord kommune sjå på vegen vidare, før det blir innlegg frå brukarane av Hafstadparken. Til slutt vil det bli opna opp for spontane innlegg frå salen.

Kom hit

Dette er eit svært viktig møte for Førde il Fotball, og vi ber derfor folk i klubben stille mannsterke opp. Det handlar om vår framtid, og det er klart at vi er ein viktig part i saken. For i kommunestyremøtet 2. mars vart det vedteke at før ei eventuell reguleringsendring for Hafstadparken vert fatta, så skal kommunen som eigar av Hafstadparken utarbeide eit forprosjekt som skal evaluere dagens bruk og sjå på vidareutvikling av parken.

Og i akkurat dette siste punktet gjeld initiativet vårt om at det endeleg bør komme ein storhall i Førde også!

Så merk av datoen tysdag 25.april med ein gang.

Tekst og foto: Stig Roger Eide

Relatert