SCORA SIGRID NORGES RASKASTE?

Publisert 22.04.2023 av Stig Roger Eide

Del via

Førde sitt damelag fekk ein pangstart i bortekampen mot Stryn fredag. Etter berre seks-sju sekund scora Sigrid Welle eit av Norges raskaste mål. Livereportaren på 3.divisjonskampen på Stryn stadion noterte ned at målet til Sigrid Welle kom etter fem sekund, men trenar Johan Pettersen trur kanskje det kan dreie seg om sju sekund. -Dette er…

Foto:

Førde sitt damelag fekk ein pangstart i bortekampen mot Stryn fredag. Etter berre seks-sju sekund scora Sigrid Welle eit av Norges raskaste mål.

Livereportaren på 3.divisjonskampen på Stryn stadion noterte ned at målet til Sigrid Welle kom etter fem sekund, men trenar Johan Pettersen trur kanskje det kan dreie seg om sju sekund.

-Dette er sjølvsagt vanskeleg å dokumentere, men vi hadde bestemt at vi skulle vere uvanleg offensive frå start. Eg trur det gjekk fire trekk før ballen var i mål. Snakk om pangstart, smiler Johan Pettersen og såg at Førde med 3-2-siger fekk ein svært god start på sesongen.

God start

-Ja, det eine er det raske målet til Sigrid. Det andre er sigeren og det tredje er at vi hadde heile seks debutantar i dag. Då kan ikkje denne bortesigeren i opningskampen bli betre, seier Pettersen og viser til at sekstetten Inga Hjelmeland Berqvam, Vibeke Solheim, Kaja Johannessen Skrede, Kristina Hjelmeland Berqvam, Henriette Palma Flaten og Dina Søgnen alle fekk sin debut i den kvite og svarte Førde-drakta på Stryn stadion.

To heime på rad

-No fekk vi den pangstarten vi hadde håpa på. I veka som kjem skal vi ha to heimekampar på rad (på tysdag mot Studentspretten, medan det er Sogndal 2/Sogndal Fk Damer 2 som er motstandar neste søndag). No håpar eg berre at publikum har oppdaga sigeren vår i bortekampen, og at dei kjem og støttar oss i dei to heimekampane, seier Pettersen på veg tilbake frå fredagskvelden i Stryn.

-Det er sjølvsagt svært god stemning blant spelarane. No fekk dei litt betalt for all innsatsen dei har lagt ned gjennom denne lange oppkøyringa. No gleder vi oss allereie til neste kamp. Så kom i Hafstadparken tysdag kveld, er oppfordringa frå trenaren til damelaget vårt.

Tekst: Stig Roger Eide. Foto: Kjartan Aarnes

Kampfakta

3.divisjon,kvinner

STRYN-FØRDE 2-3 (1-2)

Stryn stadion

Mål:

0-1 1 min            Sigrid Wjelle

1-1 11 min          Malin Eikenes Tjellaug

1-2 44 min          Inga Hoff

1-3 47 min          Inga Hoff

2-3 69 min          Emma D. Lødemel

Førde-troppen: Sofie Honningsvåg Aarnes, Lea Oline Aamot Fonn, Linnea Levik Aamot, Vibeke Solheim, Inga Hjelmeland Berqvam, Dina Sande Søgnen, Johanne Støfring, Anne Gyldenskog Kilnes, Inga Hoff, Kaja Johannessen Skrede, Sigrid Welle, Kristina Hjelmeland Berqvam, Marit Hjelmeland Berqvam, Viktoria Zablotna, Henriette Palma Flaten

Tekst: Stig Roger Eide. Foto: Kjartan Aarnes

Relatert