ER DET EIN NY COLINA ELLER SKJERVEN HER?

Publisert 16.02.2023 av Stig Roger Eide

Del via

Miguel Colina er verdas mest kjende fotballdommar, på samme måte som Tommy Skjerven truleg er Norges mest kjende. No håpar Førde il Fotball at det skal dukke opp eit nytt unikt dommartalent her. -Eg har mest lyst til å tene pengar! Eg vil gjerne lære meg reglane! Eg har lyst til å lære andre korleis…

Foto:

Miguel Colina er verdas mest kjende fotballdommar, på samme måte som Tommy Skjerven truleg er Norges mest kjende. No håpar Førde il Fotball at det skal dukke opp eit nytt unikt dommartalent her.

-Eg har mest lyst til å tene pengar! Eg vil gjerne lære meg reglane! Eg har lyst til å lære andre korleis dei skal oppføre seg!

Det var mange forskjellige grunngjevingar frå dei unge deltakarane då Jonas Mossestad onsdag kveld stod ansvarleg for klubbdommar-kurs i Hafstadparken. Han er Førde il Fotball sin mest profilerte dommar for tida, og har gjort kometkarriere dei siste åra trass sin unge alder. Seinast under Miljøhelga til fotballkrinsen rett føre jul vart han kåra til «Årets dommar i Sogn og Fjordane».

Karriere

På klubbdommarkurset deltok eit trettitals unge spelarar frå klubben, og no er håpet at nokre av desse skal ta steget vidare på dommarstigen. Seinast sist helg var også 5-6 unge dommarar frå klubben på rekruttdommarkurs hos fotballkrinsen.

-Eg starta sjølv på denne måten, og fekk raskt mange spennande oppgåver. Sist sesong fekk eg dømme finale på Norway Cup og eg har fått dømme seniorspelarar som er langt eldre enn meg. Og eg skal skrive under på at DETTE er kjekt, fortalde Jonas før han starta opplæringa av reglane til framtidas dommarspirer i klubben.

Bli dommar

No håpar vi verkeleg at nokre av desse tek utfordringa, og startar i det små med å dømme i klubben.

Vi heiar på alle som tek dommarutdanning!

For utan dommarar stoppar fotballen opp!

Tekst og foto: Stig Roger Eide

Relatert