DESSE FEKK HEIDERSPRIS

Publisert 22.04.2023 av Stig Roger Eide

Del via

Sjekk desse fire. Denne kvartetten fekk fredag kveld heiderspris for svært mange års innsats i Førde idrettslag. Merk deg at dei representerer fotball, friidrett, handball og orientering. Førde idrettslag markerte 2022-sesongen med årsmøtemiddag på Scandic Sunnfjord Hotell fredag kveld. Og ikkje minst vart mange av dei eldsjelene som jobbar i idrettslaget løfta fram. -Vi hadde…

Sjekk desse fire. Denne kvartetten fekk fredag kveld heiderspris for svært mange års innsats i Førde idrettslag. Merk deg at dei representerer fotball, friidrett, handball og orientering.

Førde idrettslag markerte 2022-sesongen med årsmøtemiddag på Scandic Sunnfjord Hotell fredag kveld. Og ikkje minst vart mange av dei eldsjelene som jobbar i idrettslaget løfta fram.

-Vi hadde ved årsskiftet heile 2066 betalande medlemmer, og er med det klart størst i Sogn og Fjordane. Berre dugnadsinnsatsen i idrettslaget er stipulert til å vere om lag 18 millionar kroner årleg. Då er det ikkje vanskeleg å forstå at vi er ein stor og betydeleg aktør i Sunnfjord kommune, seier leiar Arne Helgheim og markerte dette å hente fram nokre av dei viktigaste eldsjelene i idrettslaget gjennom mange år.

Fekk pris

I tillegg til Geir Vindheim i fotballgruppa som fekk eldsjelprisen på årsmøtet for ein god månad sidan, og som er omtala tidlegare, fekk desse heidersutmerking for lang og tru teneste fredag kveld:

Oddny Sønnesyn- har representert Førde idrettslag sidan 1995, og kan sjå tilbake på stor aktivitet for spesielt handballen, både som spelar, trenar og leiar. Ho har dessutan mellom anna hatt verv i handballforbundet, Region vest og dessutan mange år som medlem i Førde/Sunnfjord idrettsråd.

-Den einaste grunnen til at eg har halde på så lenge er alle dei kjekke ungdommane eg har fått høve til å møte. Gjennom idretten har eg komme i kontakt med utruleg mange spennnade menneske, og det er dette som har drive meg vidare i år etter år, sa Oddny i sin takketale.

Arthur Norevik- starta si karriere i Førde IL i 1988 som aktiv fotballspelar. Etter dette var han trenar på diverse nivå i 15 år. Han har også vore trenar og soneansvarleg for gutar i NFF Sogn og Fjordane i 10 år. Han er for tida medlem i Sunnfjord idrettsråd.

-Det har vore ei sann glede å få lov til å bidra til at barn og ungdom har hatt det kjekt. Eg takkar alle trenarane, lagleiarane og ikkje minst foreldre som eg har fått sjansen til å bli kjent med gjennom alle desse åra, seier Arthur.

Jostein Fredly- sidan tidleg på 1980-talet har han hatt mange forskjellige arbeidsoppgåver i orienteringsgruppa i Førde idrettslag, både som leiar, og spesielt ved større arrangement som Nordvestgaloppen/Fjord-O som den aktive orienteringsgruppa i Førde har stått bak. Skulle ha fått utmerkinga for eit år sidan, men var då forhindra frå å motta den.

-Eg er priviligert som har fått høve til å oppleve dette. I dette miljøet er det aldri eit nei med tanke på å ta på seg større og mindre oppgåver. Og denne prisen motiverer meg til ytterlegare jobbing, sa Jostein under årsfestmiddagen.

Bjørn Kjønås- har nærare 30 års teneste i Førde idrettslag, med alt frå barneidrettsskule, fotballtrenar/lagleiar, handballtrenar/lagleiar og ikkje minst løpsleiar for Bystien Førde 0pp sidan oppstarten.

-Eg har ikkje blitt rik på dette, men det å jobbe dugnad er verkeleg rikdom. Pengar kastar du vekk, men dette er verdiar som varer evig. Det er fantastisk å sjå at ungdommen utviklar seg, og eg er audmjuk for at eg har fått halde på med dette i snart 30 år, sa Bjørn overfor dei 50 æresgjestane i idrettslaget som var inviterte til årsmøtefesten.

Prekær situasjon

-Førde idrettslag har eit stort og godt utval til sine medlemmer. Vi har 13 særgrupper i idrettslaget og heile 20 forskjellige grupperingar, så ingen tvil om at vi har eit stort mangfald. Vår største utfordring no er at vi har prekær manko på anlegg. Ikkje minst fordi mange av anlegga i kommunen har gått ut på dato. Så vi har ei kjempeoppgåve føre oss dei komande åra med tanke på at vi skal aktivisere meir enn 2000 medlemmer, sa Arne Helgheim i sin avslutningstale.

Førde idrettslag gratulerer med velfortent heider.

Tekst og foto: Stig Roger Eide

Relatert