-VERDAS LENGSTE OPPKØYRING

Publisert 20.04.2023 av Stig Roger Eide

Del via

-No er vi endeleg i gang. Det er på tide, smiler Johan Pettersen med tanke på at Førde sitt damelag i 3.divisjon serieopnar fredag kveld. -No har vi halde på i fire månadar under oppkøyringa med mange gode treningar og har hatt mange spelarar tilgjengelege. Vi har også fått gjennomført nokre treningskampar, men det er…

-No er vi endeleg i gang. Det er på tide, smiler Johan Pettersen med tanke på at Førde sitt damelag i 3.divisjon serieopnar fredag kveld.

-No har vi halde på i fire månadar under oppkøyringa med mange gode treningar og har hatt mange spelarar tilgjengelege. Vi har også fått gjennomført nokre treningskampar, men det er først no at alvoret tek til. Så vi gleder oss stort til å reise til Stryn fredag ettermiddag, seier Johan Pettersen.

Tre ute

Einaste skåret i gleda er at tre av spelarane i troppen er ute med skade, og dermed ikkje er aktuelle for kamp med det første.

-Men slik er situasjonen i dei fleste lag, så det må vi takle. Det betyr berre at det er andre, og gjerne yngre spelarar, som får sjansen. Dette er ein unik sjanse for desse å vise kva dei er gode for, og då er det viktig å gripe den sjansen, seier Pettersen om at dei manglar trioen Martine Kvamme, Martine Honningsvåg Aarnes og Frida Skilbrei til opningskampen.

Tre på rad

-Vi veit at vi møter eit godt heimelag i opningskampen. Stryn har fleire gode spelarar, og vi må vere på hugget viss vi skal returnere til Sunnfjord med tre poeng. Noko som sjølvsagt er målet, seier A-lagstrenaren og ser at dei har ein tøff periode føre seg.

-Ja, vi får ein skikkeleg kickstart på sesongen med tre kampar på ni dagar. Men no er vi endeleg i gang, ja, seier Pettersen etter den siste treninga i Hafstadparken torsdag kveld.

Kampstart i Stryn fredag kveld er 19.00, og Førdepatrioten kjem sjølvsagt med stoff frå kampen ila fredagskvelden.

Tekst og foto: Stig Roger Eide

Relatert