-NO BLIR DET BÅDE BETRE OG BILLEGARE

Publisert 28.09.2023 av Stig Roger Eide

Del via

-Haustens akademi-treningar blir både billegare og betre enn tidlegare, seier Bjørn Totland. No er allereie 10 trenarar klare for dei første øktene som startar opp i veke 41. Frå 9.oktober startar Førde il Fotball opp med akademiøkter for spelarar fødde i åra 2011, 2012, 2013 og 2014. Den første veka vil øktene vere på dagtid.…

Foto:

-Haustens akademi-treningar blir både billegare og betre enn tidlegare, seier Bjørn Totland. No er allereie 10 trenarar klare for dei første øktene som startar opp i veke 41.

Frå 9.oktober startar Førde il Fotball opp med akademiøkter for spelarar fødde i åra 2011, 2012, 2013 og 2014. Den første veka vil øktene vere på dagtid. Nytt av året er at det i tillegg til to grunnøkter i veka, så vil det frå november komme tilbod om ekstra futsal-økt inne i Førdehuset. Det kan også bli aktuelt med både helgesamling og morgontreningar for dei ivrigaste.

Puslespel

-Vi er i ferd med å leggje på plass dei siste brikkene i planleggjinga, og kjem til å gje eit betre tilbod enn kva som har vore tilfelle tidlegare. Dessutan er det planar om å gjennomføre ei eiga akademi-turnering i slutten av november med deltakarar frå klubbane Eid, Sogndal og Florø.

-No er vi i ferd med å få på plass eit stort og godt team rundt akademi-satsinga. Dette opnar også opp for at viss det er trenarar i barnefotballen som har lyst til å hente inspirasjon og anna, så er det berre å ta kontakt. Vi håpar på den måten å involvere mange trenarar, som også vil fungere som trenarskulering i klubben, seier Totland som står fagleg ansvarleg for akademiet som går under namnet Åsen & Øvrelid-akademiet.

Billegare

-Dessutan trur eg det er mange som vil like at vi set ned prisen på Akademiet med 500 kroner i haust. Vi har fått nokre tilbakemeldingar på at prisen har vore for høg, og dette har vi prøvd å komme i møte. Vi har mellom anna kutta ut Akademi-gensaren, og har fokusert på innhaldet i øktene. Vi opnar dessutan opp for at spelarar frå andre klubbar i nærleiken også skal kunne få plass. Ikkje minst håpar vi at god dialog med andre særidrettar skal gjere det lettare for dei unge å finne tilbod som passar for dei. Det er alltid mogleg å finne gode løysingar på slikt, seier Totland og trur årets akademi blir eit populært tiltak.

-Vi har allereie god påmelding, og trur vi får mange gode grupper i haust. Det er ganske store barnekull i området, og vi reknar med at mange vil finne dette interessant. Ikkje minst håpar vi at mange jenter vil søke, seier Totland om årets Førde-akademi.

Treningane vil stort sett vere i Hafstadparken, men frå november månad får Førde il Fotball også tilgang til Førdehuset. Basisdagar er måndag, onsdag og torsdagar, og treningane vil gå frå 15.30 til 16.45.

På bildet ser vi instruktørane i årets Åsen & Øvrelid-akademiet: Bak frå venstre: Elise Astad Sygna, Frank Robert Værn, Alexander Lekva, Bjørn Totland og Jonas Nistad. Framme frå venstre: Frida Skilbrei, Marit Hjelmeland Berqvam og Viktoria Zablotna. Dessutan skal både Karl Martin Opseth Norbom og Thomas Fraas vere instruktørar.

Tekst og foto: Stig Roger Eide

Relatert