UTSØKT FRISPARKTREKK REDDA POENG

Publisert 16.04.2023 av Stig Roger Eide

Del via

-Det er mi forteneste at frisparket går i mål. Det var jo akkurat det vi trente på i går kveld, gliser Førde-trenar Terje Rognsø humoristisk til spelarane sine i garderoben etter 1-1-kampen mot Brumunddal. Det såg lenge til at det skulle gå mot årets andre tap for Førde, men eit innøvd frisparktrekk sikra poengdeling mot…

-Det er mi forteneste at frisparket går i mål. Det var jo akkurat det vi trente på i går kveld, gliser Førde-trenar Terje Rognsø humoristisk til spelarane sine i garderoben etter 1-1-kampen mot Brumunddal.

Det såg lenge til at det skulle gå mot årets andre tap for Førde, men eit innøvd frisparktrekk sikra poengdeling mot Brumunddal midt i 2.omgang. Edwin Brattreit tok frisparket, og la perfekt inn langs 16-meteren og der dukka Jacob Bergset opp. Han kunne breiside ballen i mål, til stor frustrasjon hos Brumunddal-spelarane.

-Det er jo heilt utilgjeveleg. Her scorar dei på omtrent den einaste sjansen dei har. Dette er eit lag vi skal mose minst 5-0 på Sveum til hausten, kom det frå ein av Brumunddal-spelarane på veg inn i garderoben.

Dominerte

Og det var ingen tvil om at bortelaget hadde ballen mest gjennom heile oppgjeret. Men fembacks-forsvaret til Førde makta å ri av stormen, og det vart ikkje skapt så mange målsjansar. Eller som Førde-trenar Terje Rognsø sa etter oppgjeret:

-Det er mi skyld at denne kampen blir slik. Det var to lag som ville akkurat det samme, og som dermed stanga mot kvarandre. Det var ikkje akkurat fint det som vart servert ute på bana. Men vi får med oss det eine poenget, og i den situasjonen vi er i akkurat no, så skal vi vere svært nøgde med det. Vi har vore på stålet, seier Rognsø.

Mange ute

Rognsø siktar til at skadesituasjonen med Mathias Sagevik, Sander Aamelfot, Vegard Savland, Henrik Lilleaasen og Mathias Helgheim ute gjer at nye spelarar må ta utfordringa.

-Vi må rullere på mannskapet, og det er mange som spelar i ein posisjon dei knapt nok har opplevd før. Dessutan testar eg ut eit heilt nytt system i dag. Vi kjem sikkert til å gå tilbake til eit system som spelarane er meir vande med etter kvart. Men i dag fekk vi med oss poeng, og det skal vi vere nøgde med, seier Rognsø og ber spelarane ta det litt med ro i veka som kjem.

Ta det med ro

-Få i rikeleg med mat og legg beina høgt. Vi tek ikkje sjanse på fleire skadar slik situasjonen er. Vi har bortekamp mot Elverum komande helg, og mange av G19-spelarane skal i aktivitet denne veka. Så vi skal slippe opp litt denne veka, og iallfall ikkje ha nokon hardøkt dei første dagane, lovar Rognsø etter 1-1 i Hafstadparken mot Brumunddal.

Vi kjem tilbake med meir stoff om ikkje så lenge.

Tekst og foto: Stig Roger Eide

Relatert