DESSE KAN DU NO FÅ KJØPT

Publisert 14.04.2023 av Stig Roger Eide

Del via

No har Førde il Fotball gått til innkjøp av supportar-skjerf. -Når vi møter andre lag så ser vi alltid kva klubb supporterane kjem frå. No håpar vi på det samme med Førde, seier Geir Vindheim. Torsdag kveld kunne breiddeansvarleg i klubben, Geir Vindheim, pakke opp dei første Førde-skjerfa som er til sals. -Ja, no kan…

No har Førde il Fotball gått til innkjøp av supportar-skjerf. -Når vi møter andre lag så ser vi alltid kva klubb supporterane kjem frå. No håpar vi på det samme med Førde, seier Geir Vindheim.

Torsdag kveld kunne breiddeansvarleg i klubben, Geir Vindheim, pakke opp dei første Førde-skjerfa som er til sals.

-Ja, no kan supporterar kjøpe slike flotte Førde-skjerf for berre 150 kroner. Dei er gode å ha rundt halsen når det bles i Hafstadparken, og ikkje minst viser dei kva lag du heiar på, seier Geir Vindheim og håpar Førde-skjerfa vil gå som varmt kveitebrød.

Blir flott

-Førstkomande helg vil det vere mogleg å kjøpe skjerf i Hafstadparken. På laurdag spelar både Førde 2 i Kretsligaen og Førde 3 i treningskamp, medan førstelaget møter Brumunddal i Hafstadparken sundag ettermiddag. Dessutan vil det yre på dei fleste banene i Førde med både soneturneringar for 12- og 13-årsklassa, og oppstart for seksåringane. Det er tydeleg at no startar sesongen opp for fullt, ja, seier Geir Vindheim og viser fram skjerfa.

Kjøp i helga

På den eine sida av skjerfa står det Førde il Fotball, medan Førdepatrioten prydar den andre sida.

-Tenk deg kor flott det vil bli på tribunene når mange tek fram skjerfa sine og jublar for Førde-mål, seier Geir Vindheim.

Så viss du vil vere blant dei første som går med Førde-skjerf, så er det berre å stikke innom Hafstadparken i helga. Der vil kiosken vere open i mange timar.

Tekst og foto: Stig Roger Eide

Relatert