-VI FYLLER HEILE HOTELLET

Publisert 02.08.2022 av Geir Vindheim

Del via

Over 300 førdianarar bur denne veka på hotellet Quality Hotell Expo i samband med Norway Cup. –I tillegg til at det er eit flott hotell, så er det viktig å bygge klubbkultur i Førde-fotballen, seier Geir Vindheim. Vindheim var sjølv med som lagleiar for eit 16-årslag i Norway Cup tre år sidan, og budde då…

Foto:

Over 300 førdianarar bur denne veka på hotellet Quality Hotell Expo i samband med Norway Cup. –I tillegg til at det er eit flott hotell, så er det viktig å bygge klubbkultur i Førde-fotballen, seier Geir Vindheim.

Vindheim var sjølv med som lagleiar for eit 16-årslag i Norway Cup tre år sidan, og budde då på dette hotellet på Fornebu rett vest for Oslo sentrum. Erfaringane då var såpass gode at han tok det med vidare til klubben, og seinare har Førde il Fotball gjort ein opsjonsavtale på fem år med å bruke dette hotellet.

Det beste

-Det vil alltid vere nokre som meiner at det å bu på skular er både rimelegare og meir sosialt. Likevel ser vi at stadig fleire vil bu litt meir komfortabelt, og gjerne gjere dugnadsarbeid gjennom vinteren for å ha litt meir komfort under sjølve turneringa, fortel Vindheim som i dag er breiddeansvarleg i Førde il Fotball.

Han ser at i årets Norway Cup-turnering så er det totalt 300 førdianarar innlosjert på Qualty Hotell Expo på Fornebu.

-Dette er fordelt på 110 spelarar, og 190 av kategorien foreldre, besteforeldre og andre. Det er klart at det å treffast heile tida er med på å byggje relasjonar. Vi har derfor tru på at dette er svært positivt, seier Vindheim då han ser fellesbildet som lagleiar Vibeke Hafstad Vennersvold tok seint tysdag kveld.

Ideelt

-Det er berre to minutt å gå frå hotellet og bort til bussen. Det er dessutan ei flott badestrand ved hotellet, og der er det ypparleg å grille. Dessutan er det god plass i resepsjonen og dette har blitt møteplassen for veldig mange, fortel Vindheim.

Lagleiar og eldsjel i klubben, Kariann Husevåg Løland, er også svært godt nøgd med opphaldet på Quality Hotell Expo.

-Ja, dette har fungert godt. Vi klaga på litt lite mat den første dagen, men etter det har det vore rikeleg. Det viser aat dei tek tilbakemeldingar på alvor. Så dette er veldig positivt for dei fleste, og eg trur alle føler seg inkludert. Sjølvsagt vil mange halde seg innafor sitt «eige» lag, men eg ser etter kvart at det også blir bygd relasjonar på tvers. Og ikkje minst er det mange foreldre som set pris på å bu i nærleiken av ungane sine desse dagane, seier Husevåg Løland om opphaldet på Quality Hotell Expo på Fornebu under Norway Cup-turneringa.

Tekst: Stig Roger Eide/Foto: Vibeke Hafstad Wennevold

Relatert