Førde 3 har imponert i 5 divisjon, og avslutta med å slå den suverene serievinnaren Sandane 4-1.

Toppskorer med betre målsnitt enn Haaland 🙂

Sander Kapstad fornekta seg heller ikkje idag, og satt inn sitt mål nr 24 og 25. Dette har han gjort på kun 13 kampar. I dag var det 2-0 og 3-0 som kom frå Sander. Det først etter ein korner, mens Thomas Løland var servitør på 3-0. Dei to øvrige måla i dag vart satt inn av Simon Personbråten og Elias Vindheim.

Beste bortelag

Sandane kunne med siger i dag også bli beste bortelag, men med dagens tap vart Førde 3 eit poeng betre. Totalt sett enda Førde 3 på fjerde plass med 38 poeng. Sandane vart seriemester med 48, mens Kaupanger kapra kvalifiseringsplassen for opprykk med 39 poeng og andreplass. Dale kjempa heilt inn mot Kaupanger, men enda på lik poengsum som Førde 3 med betre målskilnad. Vi gratulerer Sandane med opprykket til kretsligaen.

Strålande nøgd trenar Benny Rivedal

Er veldig godt fornøgd med sesongen og syns vi har levert bedre enn forventa. Vi er nyopprykkede , men har vært med i toppen i heile år. Tatt poeng mot alle laga og har den beste borteststistikken i serien. Vi kjem likevel «berre» på 4.plass, men det er 1 poeng opp til 2.plassen… Syns vi og stort sett har levert bra fotball og har styrt dei aller fleste kampane. Sander Kapstad stikker av med toppscorertittelen i 5 div og fleire av Lars Ove Nistad sine G15 spelare har fått speletid.

Tekst og foto: Geir Vindheim