TUSENVIS AV LOGOAR SKAL PÅ PLASS

Publisert 06.04.2023 av Stig Roger Eide

Del via

Medan dei fleste andre spenner på seg skia, så må Olav Flatjord sette kursen til trykkerommet i Hafstadparken. -Ja, det er ein hektisk periode no, smiler veteranen. I år etter år har 70 år gamle Olav Flatjord tatt ansvar for å trykke logoar på alt som finst av drakter og treningstøy i Førde il Fotball.…

Foto:

Medan dei fleste andre spenner på seg skia, så må Olav Flatjord sette kursen til trykkerommet i Hafstadparken. -Ja, det er ein hektisk periode no, smiler veteranen.

I år etter år har 70 år gamle Olav Flatjord tatt ansvar for å trykke logoar på alt som finst av drakter og treningstøy i Førde il Fotball. I time etter time har han stått anten i det gamle FIL-huset eller i det nye klubbhuset i Hafstadparken for å trykke logoar tidleg og seint. Slik er det også i år, og framover mot seriestart for alle laga i klubben, vil det vere hektiske dagar i trykkerommet.

Fått hjelp

-No har eg heldigvis fått mykje hjelp av Simo Koskinen i periodar, og vi har dessutan fått tak i to nye trykkemaskinar, slik at alt arbeidet går raskare. Likevel blir det nokre timar her inne, ja, smiler Olav når Førdepatrioten stikk innom ein dag i påska.

-Ja, det blir ikkje hyttetur heile påska på meg. Det er seriestart på måndag i Florø, og i veka etterpå blir det mange hektiske dagar her «på kontoret». Mange lag skal då ha på plass utstyrspakkane sine, og då skal alle logoane vere på plass før dei er klare til bruk, seier Olav og viser fram arkivskuffene med alle aktuelle logoar.

Over 10 000

-Vi har mange sponsorlogoar som skal på forskjellige drakter/utstyr, og totalt er det garantert snakk om over 10 000 logoar som blir trykt på. Her ligg alt nedlåst i eit godt system. Du veit at seniorlaga både herre/kvinnesida har ganske store utstyrspakkar, og eg trur det er snakk om åtte/ni produkt til kvar av desse som det skal trykkast på. Med forskjellige logoar, seier altmoglegmannen i klubben og ramsar opp t-skjorter, shortsar, regntøy, langbuksar, tyggsekkar, leggar og anna.

Så når du susar nedover på ski frå snødekte toppar, så kan du godt sende ein tanke til dei som står på for deg for at alt skal vere klart når du skal starte sesongen.

-God påske til alle, seier Olav frå trykkerommet.

Tekst og foto: Stig Roger Eide

Relatert