-NO KAN SESONGEN STARTE

Publisert 05.04.2023 av Stig Roger Eide

Del via

-Det har vore ei lang og vanskeleg oppkøyring, men no kan sesongen starte, seier trenarduoen Terje Rognsø og Knut Erik Folland fire dagar før sesongen startar med bortekamp. Måndag 2.påskedag klokka 15.00 brakar det laust det lokaloppgjer med Florø mot Førde på kunstgrasbana i kystbyen. Og hovudtrenar Terje Rognsø er fullstendig klar over at dei…

-Det har vore ei lang og vanskeleg oppkøyring, men no kan sesongen starte, seier trenarduoen Terje Rognsø og Knut Erik Folland fire dagar før sesongen startar med bortekamp.

Måndag 2.påskedag klokka 15.00 brakar det laust det lokaloppgjer med Florø mot Førde på kunstgrasbana i kystbyen. Og hovudtrenar Terje Rognsø er fullstendig klar over at dei no møter eit heilt anna Florø-lag enn kva dei har møtt tidlegare i vinter i treningskampane.

No er det alvor

-Treningskampar er trening og betyr ikkje noko anna. Resultatet då betyr ikkje noko som helst. No startar alvoret, og den som ikkje har forstått det, har misforstått det meste, seier Rognsø og understrekar dermed at Førde-dominansen i dei to treningskampane i vinter er lagt langt ned i skuffen.

-På måndag er det alvor. For første gang i år. Vi har vore gjennom ei lang og vanskeleg oppkøyring, kor ikkje minst vêret har hatt stor innverknad. Vi har mellom anna trent ein del alternativt, og hatt nokre økter i Skei storhall. Minuset har vore at den hallen stort sett har vore ledig i helgene, seier Rognsø etter at han og Folland gjennomførte ei siste treningsøkt i Hafstadparken onsdag ettermiddag.

Godt rusta

-No har vi vore gjennom ein hard treningsperiode, og har hatt mange treningar på rappen. Fysisk trur eg vi står bra rusta, og spelarane verkar å vere motiverte. No gjenstår berre det å omstille oss til at det er alvor på måndag, seier Rognsø føre kunstgraskampen i Florø.

-Det er synd at når vi først skal møte Florø, så er det så tidleg som no. Det betyr at då blir det kunstgras. Men det hadde det jo blitt viss vi hadde hatt serieopninga her i Førde også, seier han og veit at det ligg vekstduk på Førde stadion for å få fortgang i grasveksten.

-Men no er det Florø som gjeld, og akkurat på måndag slipp eg å reise langt til kamp, ler Rognsø hjarteleg føre lokaloppgjeret på si gamle heimebane.

Kampstart i Norsk Tipping-ligaen (3.divisjon) 2.påskedag for Florø-Førde er klokka 15.00.

Merk deg at kampen ikkje går på Florø stadion, men på kunstgrasbana like ved!

Tekst og foto: Stig Roger Eide

Relatert