-VI KAN IKKJE STÅ MED LUA I HANDA

Publisert 10.04.2023 av Stig Roger Eide

Del via

Førde-trenar Terje Rognsø var ganske fortvila over at Førde tapte serieopninga 1-2 i Florø. -Vi kan ikkje stå med lua i handa når vi møter Florø, seier han. Førde fekk ein tøff seriestart på årets 3. divisjon. På ei knusktørr kunstgrasbane i kystbyen vart Førde regelrett kjempa i senk i 1. omgang, og kunne sjå…

Førde-trenar Terje Rognsø var ganske fortvila over at Førde tapte serieopninga 1-2 i Florø. -Vi kan ikkje stå med lua i handa når vi møter Florø, seier han.

Førde fekk ein tøff seriestart på årets 3. divisjon. På ei knusktørr kunstgrasbane i kystbyen vart Førde regelrett kjempa i senk i 1. omgang, og kunne sjå heimelaget gå til pause med 2-0-leiing.

-Det er heilt horribelt å sjå på. Fleire av våre spelarar ser ikkje ut til å forstå kor viktig denne kampen er for Florø-spelarane. Vi opplevde 16.mai her ute i fjor, og opplever det igjen i dag. Dette er den viktigaste kampen for mange av Florø-spelarane, og då må vi møte til kamp på ein skikkeleg måte, seier Rognsø.

Tre ute

Rognsø viser også til at tapet av dei tre sentrale spelarane Vegard Savland, Mathias Sagevik og Sander Aamelfot gjorde det vanskeleg.

-Dessutan er det klart at vi er ikkje akkurat heldige med to dommaravgjerder i 1. omgang. Scoringa til Jacob Bergset skulle ikkje ha vore annullert, og det er merkeleg at ikkje dommar Tommy Skjerven ser den klare handsen innanfor 16-meteren. Men vi skal uansett ikkje klage på dommaren, seier Terje Rognsø og ser slukøyra Førde-spelarar rusle inn i garderoben. Medan Florø-jubelen runger i heimegarderoben.

-Høyr på dette gutar. Det er under 40 dagar til det er sjanse til å hemne denne songen. Då er det returkamp på Førde stadion, seier Rognsø og understrekar at dei tapte oppgjeret i løpet av dei første 45 minutta.

Som frykta

-Det vart akkurat slik vi frykta. Dei kontra på oss i opningsminutta og fekk utteljing då. Utover i 2. omgang var det i praksis spel mot eit mål, men marginane gjekk ikkje vår veg. Og det er irriterende å sjå at såpass mange av våre spelarar ikkje forstår alvoret når det er Florø som står på motsett side. Vi veit nemleg kva som møter oss her, seier Rognsø og ruslar heim.

-Det einaste positive for min eigen del er at eg slipp unna ein kjedeleg busstur heim, seier Rognsø tappert og ruslar rett ned til husvere sitt i Florø sentrum.

Medan bussturen for Førde-spelarane blir av det tunge slaget.

Det kjem meir om kampen Florø-Førde litt seinare.

Tekst og foto: Stig Roger Eide

Relatert