-VIL FORTSETTE DETTE VIKTIGE ARBEIDET

Publisert 02.04.2023 av Stig Roger Eide

Del via

-Tilbakemeldingane frå dei andre klubbane er så positive at vi vil halde fram med felles akademitreningar for desse jentene, seier Bjørn André Storøy. Jentesatsinga i Førde går nye vegar. Gjennom vinteren har dei beste jentene fødde i 2008 og 2009 (og ei fødd i 2010) frå klubbane Askvoll/Holmedal, Gaular, Dale, Jølster, Eikefjord og Førde trent…

Foto:

-Tilbakemeldingane frå dei andre klubbane er så positive at vi vil halde fram med felles akademitreningar for desse jentene, seier Bjørn André Storøy.

Jentesatsinga i Førde går nye vegar. Gjennom vinteren har dei beste jentene fødde i 2008 og 2009 (og ei fødd i 2010) frå klubbane Askvoll/Holmedal, Gaular, Dale, Jølster, Eikefjord og Førde trent saman. Etter den planlagde avslutninga med akademiekamp mot tilsvarande satsing i Sogn i Skei storhall sist veke, er planane derimot endra.

Halde fram

-Ja, tilbakemeldingane frå klubbane er udelt positive, og det er eit sterkt ønske om at vi held fram gjennom heile året. Det betyr at vi kjem til å ha ei fellestrening kvar månad framover også. Den neste vil vere i Dale, seier Storøy som saman med Geir Fonn, Ottar Klopstad og Charlotte Skuggen vil ta desse akademitreningane vidare.

-Vi har i lang tid sett at sogningane har komme lenger enn oss når det gjeld å satse på jentene. Vi har lært mykje av Sogndal FK Damer sine tankar og opplegg rundt dette. Og i akademikampen i Skei storhall i veka såg vi at nivåskilnaden ikkje er så stor. Vi spelte fire omgangar mot Sogneakademiet, og i to av desse var det uavgjort mellom laga. Og vi veit at skal vi løfte oss sportsleg, så treng vi samhandlingar i form av både trening og kamp, seier Storøy og ser at dei gjerne også skulle ha utvida tilbodet til heile regionen.

-Ja, vi skulle gjerne ha hatt med til dømes Florø og Tambarskjelvar også. Får håpe dei har lyst til å vere med når dei ser kva vi held på med, seier Storøy og viser til at dei har hatt 24 spelarar frå seks forskjellige klubbar med så langt.

Desse har vore med

Her er lista over spelarane som var med frå starten i februar:

Førde: Bertine Hauge Angedal, Ida Sætre Øvrebø, Malin Øren Otternes, Amanda Midtbø, Othilie Thorsen, Andrea Løkkebø Lekva, Matilde Palma Flaten

Dale: Laura Menes Standnes

Askvoll/Holmedal: Lisa Gjervik Bruland, Lilly Gjervik Undertun, Sonja Margrethe Waagene, Amelia M. Sroga, Signe Rege Fjermestad, Julie Rivedal Åsnes, Anna Saltskår Gjervik.

Gaular: Anna Espeland Øvrebø, Emmelie Fosse, Rakel Hestad Båtevik

Jølster: Ada Halland Eide, Emma Felde Førde, Maria Klakegg, Maria Østenstad Sandal

Eikefjord: Helene Angelica Håøy, Frida Fraas Øren

På bildet står sunnfjordjentene saman med spelarane på sogneakademiet.

Tekst: Stig Roger Eide/Foto: Privat

Relatert