-VI HAR NIVÅET INNAN REKKEVIDDE

Publisert 01.04.2023 av Stig Roger Eide

Del via

2.divisjonslaget Sogndal FK slo Førde 1-0 på Fosshaugane Campus laurdag ettermiddag, og Førde-trenar Johan Pettersen var godt nøgd med prestasjonen til spelarane. -Det er alltid vanskeleg å vere nøgd når du tapar, men i dag må eg verkeleg seie meg godt nøgd med det spelarane presterer. Vi matchar Sogndal på både løpsstyrke og intensitet, og…

2.divisjonslaget Sogndal FK slo Førde 1-0 på Fosshaugane Campus laurdag ettermiddag, og Førde-trenar Johan Pettersen var godt nøgd med prestasjonen til spelarane.

-Det er alltid vanskeleg å vere nøgd når du tapar, men i dag må eg verkeleg seie meg godt nøgd med det spelarane presterer. Vi matchar Sogndal på både løpsstyrke og intensitet, og viser heilt klart at sjølv om det er ein divisjon mellom laga, så er det ikkje avskrekkande stor skilnad, seier Førde-trenaren etter 0-1-kampen på Campus-bana.

God kamp

-Dette er heilt klart ein god kamp av oss, og alle spelarane leverer ein god kamp. Det viser at det bør vere fullt mogleg for oss å ta eit steg opp. Kampen i dag viser at det er innan rekkevidde, seier Johan pettersen og såg at landslagsspelaren Nathalie Høgi scora kampen einaste mål tidleg i 2. omgang.

-Dette var to lag som stod godt til kvarandre, og på Sogndal FK fekk vi stifte kjennskap med dei tre tidlegare Førde-spelarane Ingrid Krakhellen, Maja Lindesteg Øen og Thea Lovise Holsen, seier Pettersen.

Siste kampen

-Det var kjekt å sjå desse tre igjen i Sogndal-drakta, og det er klart motiverande for oss å sjå at vi i denne kampen kan halde nivået til eit 2.divisjonsmannskap. I dag heng vi godt saman i alle lagdelane, og alle spelarane jobbar godt for kvarandre, seier Førde-trenaren om det som er den siste treningskampen føre seriestart.

-Ja, no skal vi jobbe med detaljar i tida som kjem, og ta utgangspunkt i det vi opplevde i denne kampen. Vi skal gjennomføre ein internkamp i Hafstadparken, og vi skal vere maksimalt førebudd på den tøffe veka vi får i seriestarten. Då skal vi nemleg ha tre kampar på ei veke, fordi ein av kampane i mai er flytta fram til 25. april, fortel Pettersen i solsteiken på Fosshaugane Campus på palmelaurdag.

Det er no tre veker til seriestart, og i løpet av den siste veka i april ser kampprogrammet slik ut for 3. divisjonsspelarane til Førde:

21. april: Stryn-Førde

25. april: Førde-Studentspretten

30.april: Førde-Sogndal 2/Sogndal FK 2

Tekst: Stig Roger Eide/Foto: Atle Skrede

Relatert