PANGSTART MOT TØFF MOTSTAND

Publisert 02.04.2023 av Stig Roger Eide

Del via

Førde fekk ein pangstart i årets Adidas Cup, då dei vann heile 4-0 mot Hødd i Hafstadparken sundag ettermiddag. -Ja, dette lovar godt, seier trenar Ørjan Vikum. Sjølv om to av Førde sine sentrale spelarar i Elias Grimeland og Gaute Sunde Sandal spelte kampar i Nasjonal serie med høvesvis Aalesund og Sogndal i helga, så…

Foto:

Førde fekk ein pangstart i årets Adidas Cup, då dei vann heile 4-0 mot Hødd i Hafstadparken sundag ettermiddag. -Ja, dette lovar godt, seier trenar Ørjan Vikum.

Sjølv om to av Førde sine sentrale spelarar i Elias Grimeland og Gaute Sunde Sandal spelte kampar i Nasjonal serie med høvesvis Aalesund og Sogndal i helga, så hadde ikkje Førde store problem med å tukte sunnmørsklubben Hødd. Til slutt stod det 4-0 til heimelaget, og dermed har laget fått ein flying start på årets kvalifiseringskampar i Adidas Cup.

Høge skuldre

-Ja, vi hadde kanskje trudd at Hødd skulle yte meir motstand. Det var litt høge skuldre hos mine spelarar dei første minutta, men etter kvart presterer dei veldig bra. Og ingen tvil om at dette var fortjent siger, smiler trenar Ørjan Vikum som no er tilbake etter korsbandskaden som har sett trenaren ut av spel i vinter.

Kjem meir

-No er eg klar for å bidra, og dette er noko eg gleder meg til. Adidas Cup er jo noko desse gutane har hatt sansen før tidlegare, og dei kan sjå tilbake på to sigrar i denne nasjonale cupen. Dessutan vart det finale i Norway Cup i fjor, og vi håpar sjølvsagt at vi har teke steg gjennom vinteren, seier Vikum og såg trioen Vegard Lorgen (2), Teodor Aamot og Sander Lekva senka Hødd med nydelege scoringar som varma dei frammøtte i Hafstadparken.

På bildet ser vi Sander Lekva fyre kanonen mot Hødd.

Vi kjem tilbake med meir stoff frå kampen litt seinare.

Tekst og foto: Stig Roger Eide

Relatert