Førde 3 påførte Årdal 2 årets første poengtap

Publisert 14.06.2023 av Geir Vindheim

Del via

Førde 3 møtte tysdag kveld Årdal 2 i 5 divisjon. Eit Årdal 2 lag som ikkje hadde avgitt poeng før kampen. Samstundes var Førde 3 ute etter å revansjere tapet mot Florø 2 i førre runde. Benny og trenarteamet hadde jobba godt inn mot denne kampen, og spelarane gjennomførte kampplan veldig bra. Førde 3 gjekk…

Førde 3 møtte tysdag kveld Årdal 2 i 5 divisjon. Eit Årdal 2 lag som ikkje hadde avgitt poeng før kampen. Samstundes var Førde 3 ute etter å revansjere tapet mot Florø 2 i førre runde. Benny og trenarteamet hadde jobba godt inn mot denne kampen, og spelarane gjennomførte kampplan veldig bra. Førde 3 gjekk til pause med 1-0 leiing etter mål av Stian Helle. Kampen enda til slutta 3-0 etter to mål av Arne Olai Vallestad. Benny Rivedal var godt nøgd etter kampen, og ser at laget ikkje lot Årdal få mange sjanser samstundes som laget produserer mykje framover. No ser dei fram til toppkamp mot Hafslo/Bjørn/Fanaråk søndag kl 1200 i Hafstadparken. Då er det berre å møte opp for å sjå nr 1 mot nr 2 på tabellen.

Relatert