SEKS FRÅ FØRDE LØFTA SOGNDAL

Publisert 31.03.2023 av Stig Roger Eide

Del via

Seks Førde-spelarar representerte Sogndal i Bergen sist helg, medan Sogndal sjølv berre hadde med ein spelar. I G13-klassa i Sogn og Fjordane er det tydeleg at Sunnfjord har eit sterkt kull. Under kretslags-turneringa i Bergen sist helg, stilte Førde med seks spelarar, medan Florø på si de hadde fire. Og med ein Dale-spelar i tillegg…

Seks Førde-spelarar representerte Sogndal i Bergen sist helg, medan Sogndal sjølv berre hadde med ein spelar.

I G13-klassa i Sogn og Fjordane er det tydeleg at Sunnfjord har eit sterkt kull. Under kretslags-turneringa i Bergen sist helg, stilte Førde med seks spelarar, medan Florø på si de hadde fire. Og med ein Dale-spelar i tillegg kunne Sunnfjord faktisk ha stilt eige lag. Dei siste spelarane kom frå Sogn.

God sundag

Sportsleg gjekk det veldig bra med det Førde-dominerte laget. I dei innleiande kampane på laurdag vart det siger mot Mjøndalen, medan det vart tap mot Åsane. Dermed andreplass i gruppespelet.

Under sluttspelet på sundag imponerte laget meir, og slo både Skeid og Haugesund. Osloklubben fekk gjennomgå med heile 1-8-tap medan Haugesund vart nedkjempa med 2-1-siger.

Flott utvikling

For Førde stilte følgjande seks: Elias Pettersen, Oskar Grimeland, Jakob Grimeland, Tian Frøiland Nistad, Henrik Sunde Sandal og Gabriell Scott Wiken. Desse seks Førde-gutane har representert klubben på ein framifrå måte, og saman med laget sitt, Sogndal, har dei hatt ei flott utvikling sidan oppstarten ved nyttår.

Relatert