HAN ER ÅRETS ELDSJEL

Publisert 30.03.2023 av Stig Roger Eide

Del via

Geir Vindheim vart heidra som årets eldsjel i 2022 i Førde idrettslag under årsmøtet i Hafstadparken torsdag kveld. Geir Vindheim vart heidra for eit framifrå dugnadsarbeid i Førde idrettslag det siste året. Han har i mange år vore engasjert og sterkt oppteken av å leggje til rette for dei unge i sitt lokalmiljø. Dei siste…

Geir Vindheim vart heidra som årets eldsjel i 2022 i Førde idrettslag under årsmøtet i Hafstadparken torsdag kveld.

Geir Vindheim vart heidra for eit framifrå dugnadsarbeid i Førde idrettslag det siste året. Han har i mange år vore engasjert og sterkt oppteken av å leggje til rette for dei unge i sitt lokalmiljø. Dei siste åra er det spesielt fotballen som har nytt godt av hans innsats, og i 2022 er det spesielt jentefotballen han har vore mest oppteken med. Noko som også har gjeve tydeleg resultat.

Geir har vore leiar for breiddedelen i Førde il Fotball i mange år, og det er med glede vi har sett at det fantastiske arbeidet til Geir har utvikla klubben på mange område.

Og som leiar i hovudlaget, Arne Helgheim uttalte i samband med utdelinga:

-Geir er systematisk i sitt arbeid og har eit unikt pågangsmot. Og ordtaka til Førde il Fotball «Alle skal med» og «Ein del av noko større» passar svært godt på akkurat Geir Vindheim, heiter det i grunngjevinga om heidersutmerkinga.

Førde il Fotball gratulerer svært mykje for utmerkinga, og vi sluttar oss 100 prosent til utmerkinga.

Tekst: Stig Roger Eide/foto: Per Øyvind Storevik

Relatert