DETTE ER DEN NYE TRENAREN

Publisert 16.11.2023 av Stig Roger Eide

Del via

Førde il Fotball har signert ny herretrenar. – Dette er ein trenar vi har svært god tru på, seier sportsleg leiar Lars Solnørdal då signaturen kom på plass torsdag. Etter at trioen Knut Erik Folland, Gisle Isene og Øystein Vetti overtok trenarjobben i Førde etter at Terje Rognsø slutta i sommar, så er det nok…

Førde il Fotball har signert ny herretrenar. – Dette er ein trenar vi har svært god tru på, seier sportsleg leiar Lars Solnørdal då signaturen kom på plass torsdag.

Etter at trioen Knut Erik Folland, Gisle Isene og Øystein Vetti overtok trenarjobben i Førde etter at Terje Rognsø slutta i sommar, så er det nok mange som hadde rekna med at ein av desse ville ta over permanent frå 2024-sesongen. Men i staden valde styret å tilsetje Alexander Lekva.

-Dette er ein trenar vi kjenner godt, og som har fått gode erfaringar frå sine jobbar med både Jølster og Florø. Hanhar dessutan vore trenar for aldersbestemt fotball i klubben, og har også vore trenar for krets- og sonelag. Og det trass sin unge alder, seier Lars Solnørdal om 34-åringen Alexander Lekva.

Ambisiøs

Solnørdal trur nyetrenaren vil setje sitt preg på klubben, og at han skal vere den som skal løfte Førde til å vere med i det øvre sjikt i 3. divisjon.

-Dette står sjølvsagt ikkje berre på trenaren. Fleire treningar, betre fasilitetar og tilgang på spelarar er faktorar som påverkar dette. Men klubben har målsetting for 2024 at vi skal vere på den øvre halvdelen. Dette er noko som også har komme fram gjennom forhandlingane. I Alexander Lekva får vi ein ung og ambisiøs trenar, seier Solnørdal.

Utdanning

For dei som ikkje kjennar Alexander Lekva, så fortel han dette om seg sjølv:

-Eg er 34 år, og har to barn på 10 og 12 år. Eg er dessutan bror til Mathias Sagevik på A-laget, og er onkel til Sander og Elias Lekva, som har spelt på Førde 2 denne sesongen. Sist sesong har eg vore assistenttrenar for Florø i 3. divisjon, og har elles trent kretslaget i Sogn og Fjordane for 13-åringar. Eg har elles UEFA-B utdanning, og fullførte faktisk sist helg spelarutviklings-delen på dette nivået, smiler nyetrenaren som elles i det sivile har eit aksjeselskap som heiter «Vestland Marine Service».

-Men for å vere ærleg så har det gått veldig mykje tid på fotball. Eg har ambisjonar som trenar, og brenn for fotballen. Dette er sikkert noko som mange rundt meg opplever, smiler Alexander Lekva og festar signaturen til kontrakten med Førde il Fotball.

-No ser eg berre fram til å ta fatt på denne oppgåva når den nye sesongen startar, seier Alexander Lekva.

Førde il Fotball gratulerer Alexander Lekva med den nye jobben som hovudtrenar for Førde sitt A-lag herrar.

Tekst og foto: Stig Roger Eide

Relatert