Tøff start på haustsesongen for damene

Publisert 26.08.2022 av Geir Vindheim

Del via

Vi startar mot vår kanskje tøffaste rival dei siste åra, Sandane på bortebane fredag kveld. Sandane kom føre oss på vårtabellen, og er nok eit av dei laga som tek sikte på å ende øvst på tabellen. Det blir ein tøff kamp! Endringar Stallen til damelaget er noko endra frå vårsesongen. Ut har Ingrid Søgnen…

Foto:

Vi startar mot vår kanskje tøffaste rival dei siste åra, Sandane på bortebane fredag kveld. Sandane kom føre oss på vårtabellen, og er nok eit av dei laga som tek sikte på å ende øvst på tabellen. Det blir ein tøff kamp!

Endringar

Stallen til damelaget er noko endra frå vårsesongen. Ut har Ingrid Søgnen (studier), Agathe Slettehaug (studier), Eline Botnen (studier), Lea Storøy (Sogndal FK) og Thea Holsen (Sogndal FK). Inn har kome Johanne Støfring (Jølster), Ida Rotnes (comeback) og Helene By Vikøren (comeback).

I dag reiser vi til Sandane med 12 jenter. Vi har skader på Sigrid, Frida og Inga, som alle forhåpentlegvis er klare dei komande vekene. Ellers er Andrea, Helene, Ida, Stina og Synne ikkje med.

Vi reiser med eit sterkt lag, der dei fleste fekk seg ei veldig tøff og lærerik gjennomkøyring mot Molde førre helg. Treningsveka har vore bra, og vi er klare til kamp!

Følgjande jenter er med mot Sandane i dag: Sofie, Viktoria, Una, Linnea, Marit, Martine, Anne, Johanne, Nora, Sofia, Kaya og Bea.

Ta turen til Sandane og støtt oss!

Relatert