– VI SKAL VERE GLAD FOR DETTE POENGET

Publisert 16.07.2022 av Stig Roger Eide

Del via

I siste kamp før ferien spelte Førde uavgjort 2-2 på bortebane i Kongsvinger. –Vi kan vere både sure og bitre over at utlikninga kom på overtid, men totalt skal vi vere nøgde med eitt poeng, seier Terje Rognsø.Førde-trenaren hadde forventa ein tøff bortekamp mot Kongvinger 2 laurdag, men det såg tidleg ut til å gå…

Foto:

I siste kamp før ferien spelte Førde uavgjort 2-2 på bortebane i Kongsvinger. –Vi kan vere både sure og bitre over at utlikninga kom på overtid, men totalt skal vi vere nøgde med eitt poeng, seier Terje Rognsø.

Førde-trenaren hadde forventa ein tøff bortekamp mot Kongvinger 2 laurdag, men det såg tidleg ut til å gå mot ein trygg bortesiger. For med tidleg 0-2-leiing kunne Førde ha festa grepet på kampen, men heimelaget kom tilbake og dominerte oppgjeret på Gjemselunden stadion.

Tidlege mål

– Vi fekk ein svært god start, og scora to kjappe mål ved Edvin Brattreit og Mathias Sagevik. Men når Kongsvinger 2 kvitterte raskt med si første scoring, så vart det tøft utover i 2. omgang, seier Terje Rognsø som likevel lenge trudde det skulle gå mot overaskande tre poeng.

– Men utover i 2. omgang var det tydeleg at dette ikkje var noko stor kamp av oss. Vi flytta ikkje beina godt nok, og individuelt såg det ut til at alle duellane gjekk Kongsvinger sin veg. Dermed var det vel eigentleg berre tidsspørsmål før utlikninga skulle komme, fortel Rognsø etter borteoppgjeret som likevel gjorde at Førde klatra nærare tabelltoppen, ettersom Molde 2 tapte på fredag kveld.

Med i teten

– Ja, vi heng merkeleg nok med i tetsjiktet. Noko eg trur det er svært få som skulle tru med alle dei utfordringane vi har hatt med tanke på skader på spelarar. For samanliknar vi dette laget med det som vann 4. divisjon i fjor, så er det jo nesten berre nye spelarar. Det betyr at det er mange spelarar som har fått sjansen og teke den muligheiten som har dukka opp. Det viser ein svært god moral i gruppa, og er nok kanskje den viktigaste grunnen til at vi er med der oppe, smiler Rognsø etter den siste kampen i årets «vårsesong».

– No skal spelarane ha to veker ferie, men skal samstundes passe på at formen blir halde vedlike. Vi startar fellstreningane måndag om to veker, og då er det berre 14 dagar til første haustkamp. Så når Lillehammer er første motstandar på Førde stadion 13. august, håpar eg at fleire av dei skadde spelarane skal vere «fit-for-fight» igjen, seier Rognsø etter 2-2 i Kongsvinger.

Tekst og foto: Stig Roger Eide

KAMPFAKTA
Kongsvinger II-Førde 2-2
Gjemselunden stadion
Mål:
0-1 7 min Edvin Brattreit
0-2 21 min Mathias Sagevik
1-2 25 min Jan Marius Høiby
2-2 90 min Jan Marius Høiby
Gult kort: Mathias Sagevik og Fredrik Hanssen, begge Førde
Førde: Fredrik Hanssen, Kristian Hauståker, Henrik Lilleaasen, Øysten Østvik, Edvin Brattreit, Jacob Frøyen Bergset, Mathias Sagevik, Elias Solheimsnes Vindheim (Magne Aarøen i 45.min), Kristian Bell (Andreas Tefre i 74.min), Vegard Savland, Ntege Kone

Relatert