Sterk bortesiger mot Spjelkavik

Publisert 02.07.2022 av Geir Vindheim

Del via

Førde sine unge lovande viser at dei tar nivået – mot Spjelkavik var ti av spelarane i troppen juniorspelare. Førde følgte lørdag opp 4-0 sigeren mot Molde 2 med 2-0 borte mot Spjelkavik. Dette var på forhånd sett på som ein tøff bortekamp. Førde slite fortsatt med mange på skadeliste, og i tillegg var Mathias…

Foto:

Førde sine unge lovande viser at dei tar nivået – mot Spjelkavik var ti av spelarane i troppen juniorspelare.

Førde følgte lørdag opp 4-0 sigeren mot Molde 2 med 2-0 borte mot Spjelkavik. Dette var på forhånd sett på som ein tøff bortekamp. Førde slite fortsatt med mange på skadeliste, og i tillegg var Mathias Sagevik suspendert. Dermed måtte Terje Rognsø nok ein gong rokere på laget. Inn frå kampen mot Molde 2 kom Sander Lekva på høgrebacken, og Elias Vindheim vart flytta opp som defensiv midtbane.  

-Både Vindheim og Lekva løyste endringane bra, og spesielt Lekva imponerer som høgre back. Dette var hans andre kamp for A-laget, og har i disse to kampane vist at han takler nivået seier Terje Rognsø. Inngangen til dagens kamp var lik førre, og vi har fokus på stor løpskapasitet i laget. Spjelkavik var best i starten av begge omgonger, men vi hadde matchvinnare i begg ender. Fredrik Hansen stod ein veldig god kamp, og speseilet i starten av andre omgang varta han opp med fleire viktige redninger. I andre enda av bane får både Cone og Savland skoringer som sørger for at vi vinner 2-0. I tillegg hadde vi mange overgangsmuligheter som vi kunne utnytta betra, men alt i alt så er eg meget nøgd med å reise heim med tre poeng i bagasjen.

No handler det å bygge vidare på det positive, og gjenskape løpsviljen. Vi har sett at når  løpsviljen ikje er til stede, så er det tøft å få med seg poeng. Dagens kamp viser også at vi har stor bredde i klubben. Vi viste før sesongen at ein var avhengig av at dei unge løfta seg, og no ser vi effekten av stor treningsgruppe. Dagens kamptropp bestod av ikkje mindre enn 10 spelare som holdt junioralder, så dette er heilt klart ein bekreftelse på at våre unge spelare har utvikla seg og har tatt nivået.  

No gjenstår to kampar før sommarferie. Kommande lørdag tar vi i mot Toten på Førde Stadion før vi avslutter borte mot Kongsvinger 2.

Håpar å sjå mange på Førde Stadion kl 1600 på lørdag.

Relatert