Fotballcup er kjekt – OPUS Cup, Voss Cup og Lerum Cup

Publisert 27.07.2022 av Geir Vindheim

Del via

Fotballsesongen 2022 er endeleg året der vi kan delta på fotballturneringar. Det er kun få dagar igjen til Norway Cup sparkast i gong, og her stiller Førde med mange lag i alderen 14-17 år. Meir informasjon om Norway Cup kjem i eigen artikkel. Voss Cup blei arrangert 10-12 juni. Dette er ei tradisjonsrik turnering for…

Fotballsesongen 2022 er endeleg året der vi kan delta på fotballturneringar. Det er kun få dagar igjen til Norway Cup sparkast i gong, og her stiller Førde med mange lag i alderen 14-17 år. Meir informasjon om Norway Cup kjem i eigen artikkel.

Voss Cup blei arrangert 10-12 juni. Dette er ei tradisjonsrik turnering for 7-12 år som i år hadde 672 lag påmeldt. Førde stilte her med 8 lag i 9-12 år. Det vart ei flott oppleving for både spelare, trenare og foresatte. Stor fotballglede vart vist gjennom heile helga, og det rapporterast tilbake om ei godt organsiert turnering som kan anbefalast.

Søndag 19 juni vart årets OPUS Cup arrangert i Førde. Turneringa var for alderen 6-9 år, og sjølv om vi hadde håpar på fleire lag frå andre klubbar vart turneringa gjennomført til punkt og prikke. Vi er veldig glad for at Mariann Flo, Thomas Fraas og Karl Martin Opseth Norbom har komt inn og styrka vår barnefotballgruppe. Dei har gjort ein kjempeinnsats, og dei sørga også for at Opus Cup vart ei flott oppleving for alle som deltok. Turneringa viste også at dugnadsånda fortsatt lever i beste velgående i klubben. 🙂

Lerum Cup 2022 vart arrangert 24-26 juni. Førde hadde med 10 lag i klasser 9-13 år. Lerum Cup var endeleg tilbake med turnering, og med 253 lag påmeldt var dei tilbake der dei var før covid. Førde har tradisjon for å stille med mange lag. Sogndal skal ha skryt for ein godt gjennomført turnering.

Bilder frå turneringane kjem under.

Voss Cup
Voss Cup
Voss Cup
Opus Cup Generaler
Opus Cup
Opus Cup
Lerum Cup
Lerum Cup
lerum cup
Lerum Cup

Relatert